logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Trur på lågare kraftprisar



Kommunikasjonsdirektør Tor Inge Akselsen trur kraftprisane kan gå ned i tida framover. - Me ventar overskot på kraftproduksjonen i den nordiske marknaden i åra framover. Det er varsla auka produksjon i Finnland og ny vindkraftproduksjon i Danmark. Det kan føre til lågare prisar.

Av Mikkel Aanderaa
Lagt ut 17/03-2010

Akselsen meiner ein må få denne energien ut. Dermed må ein ha meir kapasitet mellom Norden og Europa, spesielt mot England. Også her heime er det stort behov for auka overføringskapasitet. - Vinteren har vist oss at nettet er viktig, det har ikkje vore lett å halde oppe ei god forsyning dei siste månadene, seier han. Norge blir delt opp i stadig fleire prisområde. - Det er eit birkemiddel me brukar, men me likar det ikkje. Nette er ikkje robust nok. Einaste løysing er å å bygge ut kapasiteten i nettet, sa Akselsen som åtvara mot å kome bakpå med nettutbygging. Då må ein slite med det lenge før ein får utbygginga i gang sidan planlegging også tar tid. Norge har eit nett som har plass til ein del fornybar energi med vind og småkraft, men den må kome på rett plass. Ein treng meir nettkapasitet på Vestlandet som i framtida kan bli eit kornkammer med stor auka produksjon dersom vindkraftutbygginga verkeleg tek av. - No står me framfor eit vegskille. Om ikkje får bygd ut nettet kan det skape store problem for dei som vil bygge ut småkraft, meiner Statnett som har tru på eit investeringsprogram på opp mot 40 milliarder kroner kvart år framover. Tor Inge Akselsen meiner ein ikkje kan få bode i pose og sekk. - Ein må tåle inngrep i naturen om me skal redde klimaet. Utfordringa blir å finne skånsomme metodar, men me greier det ikkje utan ulemper. Statnett har heller ikkje fikse løysingar som bare har fordelar.

Kalenderen:
27/09-2018:
Kraft i Vest 2018 på Sandane

18/10-2018:
Norges Energidager i Oslo

18/10-2018:
Elsikkerheits- /FSE-kurs i Sogn og Fjordane

23/10-2018:
Elsikkerheits- /FSE-kurs i Ørsta/ Volda