logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Sjaktboring i fjell veleigna for småkraftverk


Foto: Entreprenørservice
Sjaktboring er veleigna og sikker medtode for vassveg i fjell for småkraftverk, meiner Jon Engelsgård i Entreprenørservice. Selskapet kan bore sjakter opp til 3,1 meter i diameter med små inngrep i naturen.

Av Mikkel Aanderaa
Lagt ut 18/03-2010

Selskapet har kvart år 2-4 oppdrag for småkraftverk. Normalt blir det bora frå toppen og ned med ei pilotkrone på 250 til 310 mm. Når borestrengen er igjennom blir det hekta på ei større krone (rømmekrone) og borar tilbake så massa fell ned av tyngdekrafta. Det blir også pøsa på ca 1000 liter vatn i minuttet for å spyle ut massene. - Me kan bore i alle vinklar. I tillegg kan utstyret delast opp og fraktast inn i området med helikopter. Dermed er ein ikkje avhengig av vegsamband, seier Frode Tryti Olsen som er avdelingsleiar i selkapet. Metoden er eigentleg utvikla for å bore verikale gruvesjakter, spesielt i Sverige. Dei same maskinene blir bruka til å bore horisontalt. Sidan det blir bruka vatn under boringa kan ein også svake soner der overdekkinga er for liten slik at vatnet finn veg ut i sprekkar i fjellet. - Det er mange fordelar med boring. Det er miljøvenleg med få spor i naturen. NVE eller lokale krefter vil ofte at det skal vere minst mogleg spor etter utbygginga. Det kort riggtid og me treng lite areal, seier Engelsgård som også kan samse opp andre fordelar: Gode hydrauliske egenskaper, ingen store steintippar (det meste av massene kjem nede ved kraftstasjonen) og lite støy under anlegget. Entreprenørservice brukar avensert måleteknikk og ei rekke måleinstrument for å styre pilotholet. Me kan ikkje korrigere avvik i horisontalplanet med denne type boring, men avvik er som regel bare 0-2% av lengda. Ein kan også bruke styrt boring men det er meir kostbart og uaktuelt for småkraftverk. Det er betre å sjå kva ein kan tole av avvik, seier Engelsgård.

Kalenderen:
17/08-2018:
Fagseminar Brødrene Dahl Vasskraft

27/09-2018:
Kraft i Vest 2018

18/10-2018:
Norges Energidager