logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Høgre vil heva innslagspunktet for grunnrenteskatt



I ei pressemelding varslar Høgre at dei i handsaminga av statsbudsjett i Stortinget vil kome med framlegg om å heve innslagspunktet for grunnrenteskatt frå 5 til 10 MW for å sikre viktige investeringar i småkraft og for å stimulere til ytterlegare satsing på småkraft.

Av Henrik Glette
Lagt ut 25/11-2010

Høgre håpar at regjeringspartia vil støtte vårt framlegg om å heve innslagspunktet for grunnrenteskatt frå 5 til 10 MW, og at det vil få fleirtal i handsaminga av statsbudsjett for 2011. - Småkraftnæringa er ei viktig næring i distrikta. Utbygginga av småkraftverk kan vurderast som eit alternativ til den tradisjonelle nærings- og distriktspolitikken som tek sikte på å styrkje sysselsetjing og busetnad i distrikta, sier Bjørn Lødemel Betre ressursutnytting Ei heving av innslagspunktet frå 5 til 10 MW vil sikre ei betre ressursutnytting ved at småkraftverk ikkje lenger vil bli bygde med ein installert effekt rett under grensa på 5 MW. Då kan ein i staden byggje småkraftverk med installert effekt som gjev best mulig utnytting av vannressursane framfør å tilpasse seg skattesystemet. - Det er svært urovekkande å sjå at fleire småkraftutbyggara vurderer å gje opp, og vi ser no at kraftverk blir selde på grunna av dårlege rammevilkår. Løftebrot med overgangsordningane for grøne sertifikat og urettferdig skattelegging er eit svært alvorleg problem for næringa, sier Lødemel. Viktig med lønsemd. Ordninga med grøne sertifikat vil vere svært avgjerande for lønsemda i småkraftnæringa framover. Allereie før ordninga er på plass skal regjeringa sikre seg ein del av desse inntektene. - Dessverre ser vi at regjeringa også her vil legge si klamme skattehand på desse inntektene ved at inntekter frå sertifikatomsetninga skal reknast som ein del av grunnlaget for grunnrentebeskatninga, avsluttar Lødemel.

Kalenderen:
27/09-2018:
Kraft i Vest 2018 på Sandane

18/10-2018:
Norges Energidager i Oslo

18/10-2018:
Elsikkerheits- /FSE-kurs i Sogn og Fjordane

23/10-2018:
Elsikkerheits- /FSE-kurs i Ørsta/ Volda