logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Småkraftforeninga vil ha debatt om nettsituasjonen

Alle vil ha meir fornybar energi. For å få dette til er det naudsynt med ei massiv satsing på framføringa av slik energi.

Av Henrik Glette
Lagt ut 17/01-2011

Per i dag er meir enn ein tredjedel av småkraftpotensialet i Noreg på vent fordi nettet ikkje har kapasitet til å føre krafta til marknaden. Dette gjeld særskilt Sogn og Fjordane og Sunnmøre, men nettsituasjonen strammar seg til og i andre delar av landet. Den alvorlege situasjonen gjeld heile nettet, frå lokalt distribusjonsnett til det nasjonale nettet. Nettselskapa har plikt til å knytte til seg ny produksjon så lenge det er samfunnstenleg og plikt til å investere for å syte for tilstrekkeleg kapasitet. Likevel ser ein noe it massivt underskot på nettkapasiteten som mellom anna medfører at ny fornybar produksjon vert stansa og bidreg til store skilnader i kraftprisane i dei ulike landsdelane. Småkraftforeninga i Møre og Romsdal held årsmøtet sitt på Aasentunet 19. januar, og inviterer i samband med det til ope møte, kor rådgjevar Kjersti Vøllestad i NVE vil halda eit foredrag om finansieringa av nettet, og om det er mogeleg å “investera seg til fant” slik enkelte nettselskap hevdar. Møtet startar klokka 18:00 i Aasentunet. Etter det opne møtet vert det altså årsmøte for medlemmane i Småkraftforeninga med vanlege årsmøtesaker.

Kalenderen:
17/08-2018:
Fagseminar Brødrene Dahl Vasskraft

27/09-2018:
Kraft i Vest 2018

18/10-2018:
Norges Energidager