logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Godt oppmøte og god debatt


Det var komplekse modellar som vart omtala
Meir enn 60 deltakarar lytta intenst når Kjersti Vøllestad i NVE forklarde korleis nettselskapa si offentlege finansiering er meint å påverke naudsynt investering i linjenettet.

Av Henrik Glette
Lagt ut 20/01-2011

Etter at lokallagsleiar Gunnar Høydal hadde ynskt velkommen til Aasentunet i Hovdebygda mellom Ørsta og Volda, gjorde dagleg leiar i foreninga Henrik Glette greie for aktuelle saker som foreninga arbeider med. Den pågåande kampanja for å få på plass ei skapeleg overgangsordning for elsertifikater tok sjølvsagt ein stor del av merksemda. Rådgjevar Kjersti Vøllestad heldt eit foredrag om korleis finansieringssystemet for nettsalskapa virkar, og korleis dette skal skape grunnlag for den naudsynte invesateringa i framtidsretta infrastruktur for fornybar energi. Mange nettselskap hevdar dei "investerer seg til fant", og dette meinte Vøllestad var fullt mogeleg. Dersom dei investerer for dyrt, for seint, for tidleg, feil, eller på anna måte ikkje i tråd med oppgåvene deira. Om dei var fornuftige og profesjonelle skulle det ikkje være ei stor sak å unngå det. Etter ein god debatt, kor mellom anna direktør Rune Kiperberg i Tussa Nett deltok aktivt saman med lokale kraftutbyggarar, vardt det holdt årsmøte i lokalforeninga, kor ein aktivt diskuterte korleis foreninga best rustar seg til å møte framtida. Styret med Høydal i spissen, vart attvalde.

Kalenderen:
17/08-2018:
Fagseminar Brødrene Dahl Vasskraft

27/09-2018:
Kraft i Vest 2018

18/10-2018:
Norges Energidager