logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Høg temperatur på Hardanger-høyring

Olje- og energidepartementet kalla inn til høyringskonferanse om den foreslåtte kraftlinja i Hardanger. Småkraftforeninga slutta seg til resten av energibransjen og ba om at bygginga av luftlina må byrje, medan aksjonistane gjekk til frontalåtak mot regjeringa.

Av Henrik Glette
Lagt ut 10/02-2011

Leiaren i aksjonsforeninga Bevar Hardanger skulda regjeringa for å manipulere både grunnlaget for høyringa og høyringsprosessen, og nekta for at det skulle vere grunnlag for å byggje noko som helst line, og fekk støtte i dette frå Naturvernforbundet. Hardangerkommunane var langt meir moderate, men meiner at det må satsast på sjøkabel. Ordføraren i Samnager ba om at lina må byggast i luftspenn og understreka at det hasta for småkraftsatsinga i kommunen. Miljøstiftinga ZERO var og tydelege på fornybar energi som klimatiltak, og meinte at sjøkabling ikkje er ein vesentleg meir miljøvenleg løysning, og a tidsaspektet var viktig. Småkraftforeninga og resten av energinæringa understreka at ein tredjedel av småkraftpotensialet er stansa på grunn av manglande nettkapasitet, og at ein ikkje har råd til å utsetje eller fordyre den naudsynte utbygginga av linenettet i Noreg. Statsråden lovar å vurdere innspela grundig, og ber om at skriftlege høyringsdokument vert sendt inn innan 21. februar.

Kalenderen:
17/08-2018:
Fagseminar Brødrene Dahl Vasskraft

27/09-2018:
Kraft i Vest 2018

18/10-2018:
Norges Energidager