logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Fleire raudgrøne tek til fornufta

Denne helga vedtok fylkeslaga til Senterpartiet og Arbeidarpartiet i Møre og Romsdal utsegner som støttar Småkraftforeninga sitt krav om at alle småkraftverk bygde etter 1. januar 2004 må få ta del i ordninga med grøne sertifikat.

Av Henrik Glette
Lagt ut 28/02-2011

Først lova dei at alle småkraftverk bygde etter 1. januar 2004 skulle få vere med på ordninga med grøne sertifikat når den kom på plass. Så gjentok dei det. Mange bygde kraftverk basert på dei lovnadene. Når avtalen med Sverige om ein felles marknad for grøne sertifikat endelg kom på plass, var fem år med lovnader gløymd. No var det plutseleg slik at berre mikro- og minikraftverk skulle få vere med, og dei som vart bygde etter 7. september 2009. At pionerane tok risikoen og at dei politiske lovnadene var uomtvistelege, set regjeringa til side utan å raudne det minste. Heldigtvis er det slik at det er politikarar som er nærmare røynda. Rundt 70 kommunar og en rekkje organisasjonar har sendt inn tydeleg støtte til Småkraftforeninga sitt krav. No ser det ut til at partia sine lokale politikarar tek ansvar og løftar saka. No får me berre håpe at fleire sluttar seg til, og at regjeringa tek telefonen når fornufta ringer frå det verkelege Noreg. Les utsegnene her: http://www.senterpartiet.no/moere-og-romsdal/resolusjoner-fra-fylkesaarsmoetet-2011-article68695-4913.html og her: http://moreogromsdal.arbeiderparti.no/-/bulletin/show/633107_bjoern-inge-ruset-ny-fylkesleder

Kalenderen:
27/09-2018:
Kraft i Vest 2018 på Sandane

18/10-2018:
Norges Energidager i Oslo

18/10-2018:
Elsikkerheits- /FSE-kurs i Sogn og Fjordane

23/10-2018:
Elsikkerheits- /FSE-kurs i Ørsta/ Volda