logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Nei til overgangsordning



Regjeringa står fast på at dei vil ikkje gje grøne sertifikat til alle småkraftverk bygd etter 1. januar 2004. Dermed blir det ingen overgangsordning. Det sa olje- og energiminister Ola Borten Moe under opninga av småkraftdagane på Værnes.

[LINK]

Av Mikkel Aanderaa
Lagt ut 23/03-2011

- Det er ingen god beskjed eg kjem med i dag. Bare vannkraftverk med byggestart etter 1.1.2004 og installert effekt inntil 1MW får vere med i sertifikatmarknaden. Likevel ønsker eg eit godt samarbeid med småkraftutbyggarane, men eg forventar også ein grad av respekt, sa statsråden. Eit sertifikatmarked frå 2012 står fast, og det gjeld alle kraftverk med byggestart etter 7.9.2009. Borten Moe lova meir utbygging framover. - Vi skal bygge ut mykje meir fornybar kraft gjennom å utvide eksisterande vannkraftverk og skånsom utbygging av nye småkraftverk. Statsråden lovar meir satsing på overføringsnettet. - Det er varsla betydelege planar for å oppgradere nettet. Statnett vil bruke 40 milliardar dei neste 10 åra. Til 2020 skal vi ha bygd ut 26,4 TWh i Norge og Sverige tilsammen. Vi har ambisjon å få konsesjonssøknadene i gjennom, seier Borten Moe som lovar å sette inn meir ressursar på å auke konsesjonsbehandlinga hos NVE. Statsråden nytta også høvet til å minne om forsvarleg utbygging av småkraftverk. - Vi skal ha ein effektiv med forsvarleg utbygging, men utbyggarane må også ivareta dei lokale miljøverdiane i norsk natur. Det har vore uaktseptable regelbrot hos konsesjonsfrie kraftverk, der har oppfølginga frå kommunane har vire for dårleg. - De må også ta ansvar, sa statsråden til forsamlinga på småkraftdagane. Leiar Trond Ryslett i Småkraftforeninga er skuffa. - Dette er veldig trist for gründarane som har satsa og bygd for tidleg. Det kan bare byggast ein gong i elva, seier han. Sjå talen her: http://www.youtube.com/watch?v=liX13Ttf0Yo

Kalenderen:
27/09-2018:
Kraft i Vest 2018 på Sandane

18/10-2018:
Norges Energidager i Oslo

18/10-2018:
Elsikkerheits- /FSE-kurs i Sogn og Fjordane

23/10-2018:
Elsikkerheits- /FSE-kurs i Ørsta/ Volda