logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Overføringsnettet har høgt blodtrykk



Overføringsnettet i Norge er som ein pasient med høgt blodtrykk, meiner Statnett. Det går bra så lenge nettet ikkje blir overbelasta, men marginane minkar.

Av Mikkel Aanderaa
Lagt ut 23/03-2011

Direktør Strategi og samfunnskontakt i Statnett, Erik Skjelbred, meiner vi har eit svakt nett med små marginar i Norge. -Nettet skal vere så sikkert at vi alltid kunne ha ein komponent ute utan at straumen forsvinn, men det har vi ikkje i dag. Derfor må vi bygge meir nett. Andre land kan ha to komponentar som fell ut samtidig utan at det får følgjer for forbrukarane. Norge er no delt opp i fem prisområde. I vinteren i fjor var prisforskjellen oppe i 10 øre. Det er ein indikasjon på at Statnett må bygge betre overføringsliner. - Vi må bygge nett, men skal ikkje bygge ned alle prisforskjellar. Litt må vi tåle, meiner Skjelbred. Statnett har ulik kapasitet til å ta imot småkraft i dei ulike delane av landet. Problema er størst på vestlandet og i Nord-Norge. Ein metode for å auke kapasiteten kan vere å auke spenninga på overføringslinene. - Vi kan auke spenninga på ein del liner ved å bytte isolatorar, men nokre stader må heile lina byttast ut, seier Erik Skjelbred.

Kalenderen:
17/08-2018:
Fagseminar Brødrene Dahl Vasskraft

27/09-2018:
Kraft i Vest 2018

18/10-2018:
Norges Energidager