logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

NVE: Sterk auke i eksport av opphavsgarantiar



Opphavsgarantiar tilsvarande 79,8 TWh vart seld til straumkundar i utlandet i 2010, mot 58,9 TWh i 2009. Totalproduksjonen av fornybar straum i Noreg i 2010 var på omlag 119 TWh, melder NVE på sin nettstad.

Av Kjelde: NVE
Lagt ut 25/05-2011

- Salet av opphavsgarantiar til utlandet syner at det er stor interesse for fornybar straum i Europa, seier Thor Erik Grammeltvedt, seksjonssjef i NVE. Norske produsentar kan selje opphavsgarantiar til norske og utanlandske straumkundar. I tillegg til opphavsgarantiane tilsvarande 79,8 TWh som vart eksportert i fjor, selde norske produsentar opphavsgarantiar tilsvarande 21,6 TWh til norske straumkundar. Straumkundar i Noreg kjøpte i tillegg opphavsgarantiar tilsvarande 8,2 TWh frå utanlandske produsentar av fornybar kraft. Varedeklarasjon NVEs varedeklarasjon for 2010 viser at norske straumkundar som ikkje kjøper opphavsgarantert kraft, fekk knapt 24 prosent fornybar energi i 2010,. Det tilsvarande talet i 2009 var 47 prosent. - Den store reduksjonen i delen fornybar kraft skuldast auka eksport av opphavsgarantiar, redusert norsk vasskraftproduksjon og auka import av straum samanlikna med tidlegare år, påpeikar Grammeltvedt. Kraftleverandørar som ikkje nyttar opphavsgarantiar, må vise til NVEs varedeklarasjon for å fortelje korleis krafta dei sel vert produsert. NVEs varedeklarasjonen syner gjennomsnittleg fordeling på energikjelde og brutto import for straumen det ikkje er innløyst opphavsgarantiar for i Noreg. Straumen det er eksport opphavsgarantiar for, vert merka ”ukjend” fordi vi ikkje veit kva slags straum som ”erstattar” denne krafta. Les meir om varedeklarasjon og opphavsgarantiar, og sjå NVEs varedeklarasjon for 2010. http://nve.no/no/Nyhetsarkiv-/Nyheter/Sterk-auke-i-eksport-av-opphavsgarantiar/

Kalenderen:
27/09-2018:
Kraft i Vest 2018 på Sandane

18/10-2018:
Norges Energidager i Oslo

18/10-2018:
Elsikkerheits- /FSE-kurs i Sogn og Fjordane

23/10-2018:
Elsikkerheits- /FSE-kurs i Ørsta/ Volda