logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Verdas største småkraftmesse kjem til Ålesund


Foto: Erik Due/NVE
Det nærmar seg Småkraftdagane igjen, og i år samlast næringa i Ålesund. Dagane 20.-22. mars er pakka med fagforedrag, rammevilkår og det nyaste innan teknologi. Kanskje har NVE-direktør Per Sanderud med seg store nyhende når han er hovudtalar?

Lagt ut 03/02-2012

Programmet er lovande, både når den tradisjonelle NVE-dagen opnar ballet 20. mars, med eit program som dekker sertifikatsystemet, finansiering, vern mot ekstremvér og ny teknologi. Den 21. mars er Sanderud hovudtalar, og skal snakke om NVE si rolle i å sikre at Noreg når fornybarmåla. Klarar dei å handsame alle dei 620 konsesjonssøknadane i køen? Og alle dei som no kjem til å søke? Vert det nett til oss alle? Sentrale politikarar og fagfolk vil og diskutere tilknytninga til utanlandske marknader og kva rolle dei norske ressursane kan spele når Europa skal snu frå fossil og kjernekraftprega fortid til den fornybare framtida. Den siste dagen er det heile tre parallelle sesjonar, to med ulike aspekter av vannkraftverk og eit spanade nytiltak med informasjon om småskala vind. Dette er staden for å få kompetansepåfyll uansett kor mykje eller lite erfaring ein måtte ha. Sjølvsagt avsluttar med dagen med bussturar til tre ulike lokal kraftverk. Her gjelde det å bestille medan det framleis er plass, det er førstemann til mølla som gjeld for å sikre hotellplassar på dei ulike hotella. Det er nesten utseld for standplassar allereie. Les meir her: http://www.kraftverk.net/visside.php?id=11

Kalenderen:
17/08-2018:
Fagseminar Brødrene Dahl Vasskraft

27/09-2018:
Kraft i Vest 2018

18/10-2018:
Norges Energidager