logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Varslar reaksjonar på avvik

Med NVE sitt småkraftseminar gjekk starten i dag for det som heilt klart er verdas største småkraftarrangement. Første halvdel av tirsdagen handlar om sertifikatmarknaden, og Torodd Jensen retta ein peikefinger til bransjen.

Lagt ut 20/03-2012

I sitt innlegg var Jensen frå sertifikatseksjonen i NVE klar og tydeleg om at ein rekke avvik har vore avdekka i driften hjå småkraftanlegga som har søkt om godkjenning som sertifikarberettiga anlegg. Nokre av dess avvika vil kunne ha konsekvensar for anlegga. Han lova at direktør Per Sanderud i NVE ville kome med konklusjonane om vegen vidare når han held hovudtalen på Småkraftdagane i morgon onsdag. Dei fleste av avvika dreier seg om anlegg som tek meir vatn frå elva enn det konsesjonen gjev grunnlag for. Småkraftpioneren Anders Kiær som var ein av grunnleggarane for Småkraftforeninga tok ordet og var tydeleg i sin respons om at ein må skille tydeleg mellom dei som bryt konsesjonsvilkåra og dei som berre hentar ut meir effekt av den vassmengda dei har tillatelse til. Dette sa Jensen seg einig i. Dette er heilt klart eit tema som vil bli mykje diskutert, bådse frå talarstol og i korridorane. Det er ei forsamling som er spente på morgondagens tale frå Sanderud, kor han skal gje svaret på NVE sin respons på avvika, men kor det og er venta at han kjem med gode nyheiter om konsesjonskøa.

Kalenderen:
17/08-2018:
Fagseminar Brødrene Dahl Vasskraft

27/09-2018:
Kraft i Vest 2018

18/10-2018:
Norges Energidager