logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Konsesjonskøen skal vere avvikla i 2017


NVE-direktør Per Sanderud. Foto: Morten Hjertø
- Eg blir svært skuffa om vi ikkje har fått unna konsesjonskøen innan 2017, slik at småkraftverka kan byggast i tide til å få elsertifikat, seier NVE-direktør Per Sanderud på Småkraftdagane i Ålesund. Eit veldig positivt signal, svarar Småkraftforeninga.

Av Hans Andreas Starheim
Lagt ut 21/03-2012

Det viktigaste grepet NVE tek for å korte ned handsamingstida er at småkraftverk i større grad vil bli handsama gruppevis etter område dei ligg i. Det betyr at kraftverk i til dømes same kommune, fjordområde eller vassdrag handsamast samstundes. Det er også oppretta ein eigen seksjon for småkraft i NVE som i løpet av året vil ha 20 tilsette. På same tid ventar NVE at næringa gjer sin del for å gjere handsaminga meir effektiv, og varslar strengare krav til søkjarane. - Søknadane må vere av god kvalitet, og det vil bli sett tidsfristar for framdrift, Vi vil i langt mindre grad enn i dag drive konsulenthjelp undervegs, og søknadar utan nettilgang eller svært dyre prosjekt vil anten bli nedprioritert eller avslått. Det same gjeld prosjekt som heilt tydeleg er i konflikt med OED sine retningsliner, understreker Sanderud. Sanderud vil framleis ikkje stille nokon garanti for bransjen, men han strakk seg likevel langt når han blei spurt om han ville vere skuffa om ikkje alle søknadar som kjem inn til NVE i løpet av 2012 vil bli ferdig handsama i 2017. - Svært skuffa, svarte Sanderud tydeleg. Småkraftforeninga positiv - Dette er eit svært positivt signal frå NVE. Dette er heilt naudsynte grep å ta for å få bort konsesjonskøane og for å gjere det mogleg for alle dei som har gode småkraftprosjekt å få dei ferdigstilt tidsnok til å vere med i elsertifikatordninga, seier dagleg leiar Henrik Glette i Småkraftforeninga.

Kalenderen:
27/09-2018:
Kraft i Vest 2018 på Sandane

18/10-2018:
Norges Energidager i Oslo

18/10-2018:
Elsikkerheits- /FSE-kurs i Sogn og Fjordane

23/10-2018:
Elsikkerheits- /FSE-kurs i Ørsta/ Volda