logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Få papira i orden!



NVE har avdekka mange avvik frå tildelte løyver for småkraftverk. Dette er avvik som i ytterste fall kan få alvorlege konsekvensar, seier NVE-direktør Per Sanderud på Småkraftdagane, og meldinga til dei som prøver å spekulere i regelbrot er klar: - Du er dømt til å bli tatt!

Av Hans Andreas Starheim
Lagt ut 21/03-2012

Av dei søknadane om å bli med i elsertifikatsystemet som var komne inn til NVE mot slutten av februar, hadde om lag halvparten av småkraftanlegga så store avvik frå tildelte løyver, at dei ikkje kan gå vidare til handsaming. Dette gjeld både avvik frå tildelte konsesjonar, og avvik frå vilkåra for fritak for konsesjon. - NVE sender ut brev til dei det gjeld, og håpar på å få gode grunngjevingar for dei avvika vi har funne. Uansett vil dette føre til ei forseinking av handsaminga av desse søknadane, og det vil forseinke arbeidet med elsertifikat i NVE. Men i ytterste fall kan det bli snakk om fysiske rettingar, bøter og avslag på søknad om tilknytning til elsertifikat, seier Sanderud. NVE-direktøren har forståing for at det kan kome endringar i prosjekt undervegs, men er tydeleg på at dette ikkje er noko orsaking for å gjere endringar utan først å ha papira i orden. - Du byggjer ikkje dobbel garasje når du har fått løyve frå kommune til å bygge ein enkel, berre fordi du undervegs har fått tilbod om å bygge to for ein. Det same gjeld for kraftverk, understreker Sanderud.

Kalenderen:
17/08-2018:
Fagseminar Brødrene Dahl Vasskraft

27/09-2018:
Kraft i Vest 2018

18/10-2018:
Norges Energidager