logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Skarp og informativ debatt på Småkraftdagane



Utanlandskablar var temaet for årets paneldebatt på Småkraftdagane, og eit godt samansett panel sørga for at debatten både blei frisk og informativ.

Av Hans Andreas Starheim
Lagt ut 21/03-2012

Midt i panelet på fem sat den røynde energikonsulenten Geir Vollsæter og fylte godt den rolla han var tiltenkt i debatten – nemleg å vere kjerringa mot straumen. For medan stemninga både i resten av panelet og i salen var mest positiv til bygging av utanlandskablar, var han tydeleg imot.   Vollsæter hevda at det var betre samfunnsøkonomi å bruke utkobling i industrien for å regulere krafta i Noreg enn å bygge kablar til utlandet. Hans framste bodskap var at bygging av kablar berre er å ta pengar frå norske forbrukarar og gje dei til kraftprodusentane, og at eksport av norsk fornybar straum er eit langt dårlegare miljøtiltak enn eksport av norsk aluminium laga av fornybar straum.   - Men vi eksporterer jo straumen uansett, svarte kraftmarknadsanalytiker Arndt von Schemde frå Thema Consulting Group. Hans argument var at vi allereie eksporterer straum til kontinentet indirekte via Sverige, men at dette er ein lite effektiv måte å handle med straum på, slik at vi berre endar opp med å få ein dårlegare pris enn den vi elles kunne fått.   Heller ikkje Ingard Moen frå Statnett gav støtte til Vollsæter sin argumentasjon, og han ba panelet sjå lenger fram i tid. - Fram til 2020 er korta delt ut, men kva med etter det? Veikartet fram mot 2050 som EU no arbeider med seier at målet er at vi skal kutte heile 80 prosent av utsleppa vår innan den tid, og då må i praksis all energiproduksjon bli utslippsfri. Det er ein verkeleg revolusjon, sa Moen, og påpeika at det ikkje er straumen vår Europa treng, men reguleringskapasiteten.   Resultatet blei ein fagleg spennande debatt med tydelege konfliktliner, men med høg informasjonverdi for publikum i salen.  

Kalenderen:
27/09-2018:
Kraft i Vest 2018 på Sandane

18/10-2018:
Norges Energidager i Oslo

18/10-2018:
Elsikkerheits- /FSE-kurs i Sogn og Fjordane

23/10-2018:
Elsikkerheits- /FSE-kurs i Ørsta/ Volda