logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Mange utfordringar i småskala vindkraft



-Ein må ha meir pågangsmot enn forstand om ein skal lukkast med småskala vindkraft, meiner Arnstein Hovde i Ørland Økokraft as. Dei var tidleg ute og har produsert straum av vind sidan 2003.

Av Mikkel Aanderaa
Lagt ut 22/03-2012

Ørland Økokraft as blei skipa av 6 gardbrukarar, ein stad der det er mykje vind. Målingar frå blant anna flystasjonen viste ein middelvind på 7 m/s. Grunneigarane reiste til Danmark og kjøpte tre brukte vindmøller for 330.000 danske kroner. Dei hadde vore i bruk sidan 2004. I seinare år har aust-europearane vist interesse for brukte vindmøller og prisen kan vere opp mot ein million kroner. - Me bytta slitedelar som lager før vindmøllene blei sett opp att. Rådet er å få ei full overhaling før ein set opp brukt utstyr, det har ein mykje igjen for. Kvar av dei tre møllene hos Ørland Økokraft er 30 meter høge og kan produsere 225 kW. Årleg kan slike vindmøller produsere mellom 450.000 og 700.000 kWt avhengig av vinden. På Ørlandet produserer dei rundt 500.000 kWt. Om ein reknar 40 øre/kWt kan det bety straum for 200.000 i året. - Om ein har store lån blir det ikkje mykje igjen når renter og avdrag er betalt. Kanskje har ein 70.000 kroner igjen. Økonomien er best om ein kan bruke mykje av energien sjølv i t.d. drivhus, seier Arnstein Hovde. Ikkje alle stader er like eigna for vindkraft. Sjølvsagt må det vere mykje vind, men terrenget rundt er også veldig viktig. Avstand til terrengformasjonar og hus påvirkar kor mykje turbulens det blir. Kraftig turbulens kan riste sund sjølv kraftige vindmøller. - I vindkraft kan ein legge opp til mykje eigeninnsats. Me har kjøpt møllene i Danmark, fått ein godkjent entreprenør til å støype fundament og skrudd opp møllene sjølv, seier Hovde. - Skulle eg ha bygd på nytt i dag hadde eg bygd ei eller to møller åleine der eg kunne bruke mesteparten av straumen sjølv, seier Arnstein Hovde.

Kalenderen:
27/09-2018:
Kraft i Vest 2018 på Sandane

18/10-2018:
Norges Energidager i Oslo

18/10-2018:
Elsikkerheits- /FSE-kurs i Sogn og Fjordane

23/10-2018:
Elsikkerheits- /FSE-kurs i Ørsta/ Volda