logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Mykje pengar å hente på opphavsgarantiar



Kundar i Europa er villige til å betale mykje pengar for å kjøpe rein, norsk vasskraft, men det er det slett ikkje alle i bransjen som er klar over, seier Turid Sevaldsen frå NEAS.

Av Hans Andreas Starheim
Lagt ut 22/03-2012

Opphavsgarantiar er ei mogleg ekstra inntekt for småkrafteigarar, som kjem i tillegg til elsertifikat. Det fungerer slik at kundar som er opptekne av å kjøpe rein, utsleppsfri straum betalar nokre øre ekstra for kwh’en, mot ein garanti om at dette tillegget går til utsleppsfrie produsentar. Ulike typar kraftprodusentar kan vente ulike prisar for sine opphavsgaranatiar, og småkraft er blant dei som kjem best ut. - Kunder i Europa er villige til å betale mykje for fornybar energi, og for mange kan dette vere ei betydeleg ekstra inntekt, sa Sevaldsen i eit foredrag på Småkraftdagane. NEAS, som også har eit samarbeid med Småkraftforeninga, kan i dag tilby prisar opp til 10 kroner pr MWh for opphasgarantiar. For mange vil dette kunne utgjere eit solid tilskot til inntekta på anlegget.

Kalenderen:
17/08-2018:
Fagseminar Brødrene Dahl Vasskraft

27/09-2018:
Kraft i Vest 2018

18/10-2018:
Norges Energidager