logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Ny rettleiar om minstevassføring frå NVE



NVE gav i vår ut ein rettleiar som gir oversikt over tilrådde løysingar for slepp, registrering og dokumentasjon av minstevassføring for små vassdragsanlegg med konsesjon (NVE Veileder 1/2012).

Lagt ut 12/07-2012

Krav om slepp av minstevassføring er eit av dei viktigaste vilkåra i ein vassdragskonsesjon. Vilkåret er absolutt og vassføringa skal ikkje på noko tidspunkt vere lågare enn kravet. I 2010 vart alle vassdragsanlegg med konsesjon pålagt å registrere og dokumentere at rett vassføring vert slept. Det er viktig å velje løysingar tidleg ved bygging av anlegg, og rettleiaren er først og fremst meint til bruk i planleggings- og detaljplanfasen av utbygging. Vald metodikk skal søkjast om i detaljplan for landskap og miljø, og NVE føreset at konsesjonær gjer nøye vurderingar av lokale forhold på førehand. NVE sine krav til merking og manuell kontroll ved stader med krav om minstevassføring er òg skildra i rettleiaren. Rettleiaren "Slipp og dokumentasjon av minstevannføring for små vassdragsanlegg med konsesjon" (NVE Veileder 1/2012) vert berre publisert elektronisk på internett og vil vere under jamleg revisjon. De finn rettleiaren her NVE ynskjer óg innspel til rettleiaren, som kan sendast til nve@nve.no eller hagr@nve.no.

Kalenderen:
17/08-2018:
Fagseminar Brødrene Dahl Vasskraft

27/09-2018:
Kraft i Vest 2018

18/10-2018:
Norges Energidager