logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Ja til Skræi og Skrede

NVE har gitt Skræi og Skrede Kraft AS løyve til å bygge kraftverk i Fyresdal i Telemark. Kraftverket skal produsere kraft nok til 225 husstander.

Av Esben Svendsen
Lagt ut 29/08-2012

Kraftverket, som skal ligge i Nystøylbrekken i Fyresdal kommune i Telemark, skal ha ein installert effekt på 1.7 MW, og ein årleg fornybar energiproduksjon på om lag 4.5 GWh. NVE har også gjeve løyve til å overføre Fjellstøylbekken til inntaket i Fjellstøylbekken. NVE sa nei til å overføre ein mindre bekk til kraftverksinntaket, fordi dei terrengmessige inngrepa vert omfattande, og fordi ei bekkekløft av lokal verdi vert fråført det aller meste av vatnet. Samstundes ville overføringa berre gitt ein produksjon på om lag 0,3 GWh per år. NVE har fastsett ei minstevassføring på 5 l/s i Fjellstøylbekken og Nystøylbekken for å ivareta noko av det biologiske mangfaldet i og langs elva, som krev noko fukt for at bekkane ikkje skal stå fram som heilt turrlagde. NVE meiner at med fastsett minstevassføring vil ulempene for ålmenta vere avgrensa, samstundes som kraftverket vil gje ei viss ny fornybar energiproduksjon.

Kalenderen:
17/08-2018:
Fagseminar Brødrene Dahl Vasskraft

27/09-2018:
Kraft i Vest 2018

18/10-2018:
Norges Energidager