logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Løyve til Haugafossen

Hardanger Energi AS fekk løyve av NVE til å bygge Haugafossen kraftverk i Jondal. Det nye kraftverket skal erstatta det eksisterande Haugafossen kraftverk.

Av Esben Svendsen
Lagt ut 06/09-2012

Nye Haugafossen kraftverk er planlagt med ei installert effekt på 5.3 MW, og vil produsere om lag 14,75 GWh årleg, noko som svarar til straumbruken til rundt 665 husstandar. Det eksisterande kraftverket produserer om lag 1,5 GWh årleg, skriv NVE i ei pressemelding. NVE har stilt vilkår til konsesjonen for å avbøta negative konsekvensar av utbygginga. Dei er hovudsakeleg knytt til fisk, biologisk mangfald langs elva og til landskap. Det gjeld særleg hensyn til smolt på strekninga over inntaket og anadrom fisk nedanfor utlaupet til kraftstasjonen. Den raudlista arten kystfloke er funne langs elva. Arten er avhengig av å bli neddykka i løpet av vekstsesongen. Med omsøkte slukeevne meiner NVE at førekomsten kan bli noko redusert, men at det framleis vil vere overlaup over inntaket, slik at vekstvilkåra til ein viss grad vil oppretthaldast.

Kalenderen:
17/08-2018:
Fagseminar Brødrene Dahl Vasskraft

27/09-2018:
Kraft i Vest 2018

18/10-2018:
Norges Energidager