logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Løyve til Tossevikelva kraftverk

NVE har gitt løyve til Tossevikelva kraftverk i Buskerud. Kraftverket skal produsere 7 GWh i året. Etaten seier at det ikkje er ei konfliktfylt utbygging, så lenge det vert teke omsyn til auren i vassdraget.

Lagt ut 12/10-2012

Det er Norsk Grønnkraft AS som skal bygge Tossevikelva kraftverk i Ringerike kommune i Buskerud. Anlegget vil ha ein installert effekt på 2.6 MW, og vil produsere omlag 7 GWh i året. Det vil kunne dekke det årlege straumforbruket til omlag 350 husstandar. Utbygginga vil nytte ei fallhøgd på 311 meter, og vassvegen skal gravast ned på heile strekninga på omlag 2,5 km. Storaure frå Sperillen kan vandre opp til ein foss like ovanfor planlagd kraftstasjon. Det er også registrert ei bekkekløft med lokal verdi på strekninga. Det er ikkje registrert raudlisteartar som blir tiltaket får følgje for, og potensialet for funn er vurdert til lavt. Elles ber området preg av landbruksaktivitet, uttak av skog med tilhørande skogsbilvegnett og køyreskadar i terrenget. NVE meiner at tiltaket er lite konfliktfylt, dersom det vert teke omsyn til storauren og det vert sleppt noko minstevassføring heile året. NVE har difor mellom anna sett vilkår om installering av forbisleppingsventil for å unngå brå endringar i vassføringa ved stopp i kraftverket. Det er også krav om at avløpet frå kraftverket skal munne ut rett ved vandringshinderet for storauren slik at ikkje strekninga som fisken kan nytte vert råka.

Kalenderen:
17/08-2018:
Fagseminar Brødrene Dahl Vasskraft

27/09-2018:
Kraft i Vest 2018

18/10-2018:
Norges Energidager