logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Marknadskommentar veke 48

Prisane i kraftmarknaden gjekk nedover forrige veke, men dette ser ut til å snu i dag. Vi er inne i ein høgtrykksperiode og i tillegg er varsla framover tørrare og kjølegare enn på lenge. Brenselsprisane aukar også.

Av Borgny Hatlestad Tveekrem, leder Handelsavdelingen i NEAS
Lagt ut 26/11-2012

Til saman gjev desse faktorane signal om at prisane skal oppover, noko som også skjer i marknaden i dag. Samstundes må vi hugse på at vi tidlegare i haust fleire gonger har sett at dei varsla høgtrykka ikkje kjem eller blir kortvarige. Det er avgjerande at høgtrykka blir stadfesta i værvarsla dei neste dagne dersom vi skal sjå prisauke framover. Uansett er oppsida avgrensa av god hydrobalanse og høg kjernekraftproduksjon. Systemprisen gjekk endå meir ned forrige veke til 239,76 NOK/MWh. Alle dei norske prisområda låg under systemprisen; NO1, NO2 og NO5 lågast med 238,20 NOK/MWh, NO3 på 239,58 NOK/MWh og, NO4 på 239,41. Prisane på elsertifikat har auka ein god del og vart i slutten på veke 47 omsett til 181 NOK/MWh.

Kalenderen:
17/08-2018:
Fagseminar Brødrene Dahl Vasskraft

27/09-2018:
Kraft i Vest 2018

18/10-2018:
Norges Energidager