logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Marknadskommentar veke 49

Prisane i kraftmarknaden har stege sidan forrige marknadskommentar. Vi er inne i ein periode med tørt og kjøleg vêr, både spotprisen og prisane på framtidskontraktene reagerer i samsvar med dette og går oppover.

Av Borgny Hatlestad Tveekrem, leder Handelsavdelingen i NEAS
Lagt ut 06/12-2012

I dag ser vi ein liten korreksjon nedover, men dette er sannsynlegvis berre ein reaksjon på den kraftige oppgangen vi har hatt dei siste dagane. Det hydrologiske overskotet blir fort redusert. Med den værtypen vi har no blir hydrobalansen redusert med 4-6 TWh i veka. Dermed kan overskotet vere brukt opp allereie neste veke. På bakgrunn av at hydrobalansen blir stadig meir svekka og at vêrtypen ser ut til å halde forbruket høgt trur vi at prisane skal endå meir opp dei neste dagane. Systemprisen steig forrige veke til 274,16 NOK/MWh. NO3 og NO4 låg over systemprisen med 277,74 NOK/MWh, medan dei andre prisområda låg under med 264,75 NOK/MWh i NO1, 264,27 NOK/MWh i NO2 og 264,51 NOK/MWh i NO5. Prisane på elsertifikat held seg høge og har vore opp i 184,5 NOK/MWh. I går fekk elsertprisen ein liten nedgang og vart omsett på 181 NOK/MWh.

Kalenderen:
27/09-2018:
Kraft i Vest 2018 på Sandane

18/10-2018:
Norges Energidager i Oslo

18/10-2018:
Elsikkerheits- /FSE-kurs i Sogn og Fjordane

23/10-2018:
Elsikkerheits- /FSE-kurs i Ørsta/ Volda