logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Marknadskommentar veke 5

Forrige veke steig prisane noko før dei snudde nedover i slutten på veka. Dermed enda vi opp med ein nedgang i vekeprisen slik som vi skreiv i sist marknadskommentar.

Av Borgny Hatlestad Tveekrem, leder Handelsavdelingen i NEAS
Lagt ut 29/01-2013

Vi er inne i ein mild og litt våtare periode, noko som truleg vil senke spotprisen i inneverande veke. Kontraktene lenger fram i tid auka i går på bakgrunn av stigande prisar på kol, CO2 og kraftprisen i Tyskland. Med mindre det blir endring i vervarsla forventar vi ei sidevegs utvikling i prisane utover i denne veka. Systemprisen for veke 4 enda på 342,69 NOK/MWh. Ein liten nedgang frå veke 3. NO1 hadde ein områdepris på 351,54 NOK/MWh, NO2 på 343,62 NOK/MWh, NO3 på 341,31, NO4 på 340,55 NOK/MWh og NO5 hadde områdepris på 351,54 NOK/MWh. Prisane på elsertifikat steig kraftig forrige veke og blei fredag omsett for om lag 197 NOK/MWh. Prisoppgangen heng truleg saman med eit synkande overskot av elsertifikat i den norsk-svenske marknaden for elsertifikat.

Kalenderen:
27/09-2018:
Kraft i Vest 2018 på Sandane

18/10-2018:
Norges Energidager i Oslo

18/10-2018:
Elsikkerheits- /FSE-kurs i Sogn og Fjordane

23/10-2018:
Elsikkerheits- /FSE-kurs i Ørsta/ Volda