logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Marknadskommentar veke 6

Prisane gjekk noko ned forrige veke. Denne veka har det hittil vore små justeringar opp og ned annankvar dag. Hydrobalansen har svekka seg og, basert på vervarsla framover, ligg den 12 TWh under normalen.

Av Borgny Hatlestad Tveekrem, leder Handelsavdelingen i NEAS
Lagt ut 06/02-2013

Brenselsprisane og litt meir positive signal i verdsøkonomien gjev signal om prisoppgang. Kaldare vervarsel og ein svekka hydrobalanse trekkjer ned. Framover trur vi prisane vil halde seg rundt same nivå som i dag og truleg vil vi ende opp med ein vekespris litt over den vi hadde i veke 5. Systemprisen for veke 5 gjekk ned til 273,52 NOK/MWh. NO1,NO2 og NO5 hadde ein områdepris på 275,72 NOK/MWh medan NO3 og NO4 hadde områdepris på 272,67 NOK/MWh. Prisane på elsertifikat held fram med å stige og vert no omsett for 206 NOK/MWh. Prisoppgangen heng saman med eit synkande overskot av elsertifikat og større etterspurnad på grunn av at vi nærmar oss annuleringstidspunktet for 2012.

Kalenderen:
17/08-2018:
Fagseminar Brødrene Dahl Vasskraft

27/09-2018:
Kraft i Vest 2018

18/10-2018:
Norges Energidager