logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Marknadskommentar veke 7

Spotprisen har stege den siste tida med unntak av helga som normalt ligg lågare i pris. Hovudgrunnen til prisauken er at hydrobalansen stadig blir dårlegare, som følgje av lite nedbør og at vi er inne i ein kald periode med høgt forbruk.

Av Borgny Hatlestad Tveekrem, leder Handelsavdelingen i NEAS
Lagt ut 11/02-2013

Marknaden har opna litt ned på morgonen i dag. Ein korreksjon for oppgangen før helga, i tillegg til litt mildare vervarsel. Basert på dagens situasjon forventar vi ingen store prisendringar framover. Systemprisen for veke 6 auka til 287,04 NOK/MWh. NO1 og NO5 hadde ein områdepris på 289,03, NO2 sin områdepris låg på 289,01 NOK/MWh medan NO3 og NO4 hadde områdepris på 286,04 NOK/MWh. Prisane på elsertifikat held fram med å stige og vart på fredag omsett for 207 NOK/MWh. Prisoppgangen skuldast eit synkande overskot av elsertifikat og større etterspurnad på grunn av at vi nærmar oss annuleringstidspunktet for 2012.

Kalenderen:
17/08-2018:
Fagseminar Brødrene Dahl Vasskraft

27/09-2018:
Kraft i Vest 2018

18/10-2018:
Norges Energidager