logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Marknadskommentar veke 10

Prisutviklinga denne veka har vore prega av tørt og kjøleg ver. Hydrobalansen går stadig nedover og ligg no på -16 TWh. Bakgrunnen for dette er låg fyllingsgrad i magasina og eit aukande etterslep i snømengde.

Av Borgny Hatlestad Tveekrem, leder Handelsavdelingen i NEAS
Lagt ut 07/03-2013

Det er no ca 30 % mindre snø enn normalt for Noreg sett under eitt. Dette har vore med på å dra prisane oppover. På den andre sida har brenselsprisane gått ned og dette er med på å bremse oppsida. Systemprisen for veke 9 blei 299,33 NOK/MWh. NO1, NO2 og NO5 hadde ein områdepris på 302,94 NOK/MWh, medan NO3 enda på 296,05 NOK/MWh og NO4 på 295,95 NOK/MWh. Hittil i veke 10 har systemprisen auka og basert på kalde vervarsel resten av veka trur vi at vekeprisen vil bli høgare enn førre veke. Prisen på elsertifikat svinga mykje førre veke. Sist omsett pris på elsertifikat i spot var om lag 201 NOK.

Kalenderen:
27/09-2018:
Kraft i Vest 2018 på Sandane

18/10-2018:
Norges Energidager i Oslo

18/10-2018:
Elsikkerheits- /FSE-kurs i Sogn og Fjordane

23/10-2018:
Elsikkerheits- /FSE-kurs i Ørsta/ Volda