logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Marknadskommentar veke 11

Det er ingen store endringar sidan sist marknadskommentar. Vi er inne i ei svært kald og tørr veke. Det er varsla 6-8 grader kaldare enn normalt og 10-25 mm mindre nedbør enn normalt.

Av Borgny Hatlestad Tveekrem, leder Handelsavdelingen i NEAS
Lagt ut 11/03-2013

På bakgrunn av dette får vi ein stadig svakare hydrobalanse, den er no nede på -16,5 TWh. Det ser ikkje ut til at vi nærmar oss normale temperaturar og nedbørsmengder før vi er ferdig med mars månad. Dei neste dagane er det i tillegg meldt mindre vind, og dette vil vere med på å dra spotprisen oppover. På den andre sida er låge kraftprisar i Tyskland og nedgang i brenselsprisar og dollarkurs med på å halde igjen oppsida. Totalt sett vil vi nok hamne på ein betydeleg høgare vekespris for inneverande veke, enn det vi har sett dei siste vekene. Systemprisen for veke 10 gjekk opp til 304,89 NOK/MWh. NO1 og NO2 hadde ein områdepris på 309,06 NOK/MWh, medan NO3 enda på 302,35 NOK/MWh, NO4 på 301,97 NOK/MWh og NO5 på 309,23 NOK/MWh. Prisen på elsertifikat aukar igjen og blei sist omsett i spot for om lag 203 NOK.

Kalenderen:
27/09-2018:
Kraft i Vest 2018 på Sandane

18/10-2018:
Norges Energidager i Oslo

18/10-2018:
Elsikkerheits- /FSE-kurs i Sogn og Fjordane

23/10-2018:
Elsikkerheits- /FSE-kurs i Ørsta/ Volda