logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Marknadskommentar veke 12

Også denne veka er det tørt og kjøleg, med nedbør og temperaturar godt under normalen. Hydrobalansen kryp nedover mot -18 TWh for 10-dagers varselet. Dette skulle tilsei høgare prisar. På den andre sida går børsane saman med brenselsprisane nedover, truleg som følgje av frykt for vidare utvikling av krisa i eurosona. Dette er med på å dempe kraftprisen.

Av Borgny Hatlestad Tveekrem, leder Handelsavdelingen i NEAS
Lagt ut 18/03-2013

Basert på motstridande signal trur vi generelt på ei sidevegs utvikling av prisane den neste veka. Spotprisane vil truleg bli relativt høge denne veka, medan internasjonale signal peikar mot ein prisnedgang på litt lenger sikt. Systemprisen for veke 11 gjekk opp til 349,2 NOK/MWh. NO1 og NO5 hamna på 351,50 NOK/MWh, NO2 på 350,38 NOK/MWh, medan NO3 og NO4 enda på 348,62 NOK/MWh. Elsertifikata blir tildelt den 15. kvar månad. Etter tildelinga førre månad kom det ein kraftig priskorreksjon nedover. Prisane har deretter sakte men sikkert gått litt oppatt og i slutten på førre veke vart spot omsett for om lag 207 NOK. Tildelinga for februar, som skjedde på fredag, vart om lag som forventa og det har vore svært liten omsetnad etter tildelinga. Det kan tyde på at denne tildelinga ikkje gav sterke prissignal verken oppover eller nedover, og at både sals- og kjøpssida er avventande fram mot annulering av året 2013 den 1. april.

Kalenderen:
17/08-2018:
Fagseminar Brødrene Dahl Vasskraft

27/09-2018:
Kraft i Vest 2018

18/10-2018:
Norges Energidager