logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Småkraftprisen til Hermod Brekke



Småkraftforeninga sin småkraftpris 2013 blei under festmiddagen på småkraftdagane delt ut til Hermod Brekke. Han har gjennom ei årrekke utvikla og tatt ein rekke patenter på turbinar. - Ute i den store vasskraftverda - altså i heile verda - er professor Hermod Brekke ein stor av dei store, sa styreleiar Trond Ryslett under utdelinga.

Lagt ut 21/03-2013

Brekke jobba på Kværner fra 1959 og teknisk sjef det frå 1972. Han blei tildelt dokorgrad i 1984 ved NTNU. I 2006 fekk han gründerpris for utvikling av små turbinar.

- Det var mykje ymse kvalitet til sals rundt år 2000 etter at småkraftbransjen hadde lege brakk i fleire 10-år. Det ville Hermod Brekke ha ei ordning på. Alt for mykje skrapjern blei selt på den tida, sa Ryslett.

- Tusen takk til Hermod Brekke for at du har hatt din arbeidsplass i kraftnæringa og det er med stor glede vi overrekker deg Småkraftprisen. Du er ein av dei som bygde landet. Stor takk til verdiskaparen og føregangsmannen Hermod Brekke!



Kalenderen:
17/08-2018:
Fagseminar Brødrene Dahl Vasskraft

27/09-2018:
Kraft i Vest 2018

18/10-2018:
Norges Energidager