logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Taugbane erstattar anleggsveg


Foto: H3 Vannkraft AS
Entreprenørsamarbeidet H3 Vannkraft AS har investert i eigen taugbane som kan erstatte anleggsvegar på vanskelege utbyggingar. Dermed unngår ein også skjemmande vegar som kryssar fram og tilbake i fjellsida.

Av Mikkel Aanderaa
Lagt ut 21/03-2013

Ideen til å bruke taugbane ved utbygging starta med eit lite prosjekt i Holandsdalen i Fusa kommune i Hordaland. - Vi hadde planar om å bygge veg men fekk det ikkje til pågrunn av dårlege masser. Då fekk me tankar om å bruke taugbane, seier Sverre Heildal i H3 Vannkraft. Eit prosjekt med studietur til Sveits og Austerrike sette fart i planane. Der fekk dei sjå korleis dei hadde bruka slikt utstyr i Alpane i 100 år, utstyr som no var tilpassa dagens teknologi. Vel heime har dei investert i eigen taugbane. Tårna blir frakta ut med helikopter og bardunert i fjell. Så trekker dei ut ein bærewire som krana skal gå på. Krana køyrer opp og ned på bærewiren og kan løfte inntil 16 tonn, men normal driftslass er 4 tonn. - Det er i teorien ingen avgrensingar på kor lang taubanen kan vere, 5 km går greitt, seier Sverre Heidal. Taugbanen fraktar omfyllingsmasse, rør, brakker og alt som skal til for utbygginga. Sidan taugbanen erstattar helikopter ved støyping av dammen, treng ein ikkje ta omsyn til vær og vind. Snø og is er heller ingen hindring slik det ofte er på anleggsvegar. Selskapet har også terrnggåande gravemaskiner som kjem fram over alt og kan henge i vinsj. Dei kan jobbe i over 50 graders helling. - Resultatet er veldig lite inngrep i naturen, det blir mest bare rørtraseen. Derfor har me møtt stor interesse og det er fleire som vil legge inn denne metoden i planane sine til konsesjonssøknaden, seier han. Entreprenørsamarbeidet er no i gang med sitt tredje prosjekt det taugbanen blir nytta. Sjå videoar frå YouTube her http://www.youtube.com/watch?v=3XjBWe-vJxw http://www.youtube.com/watch?v=5ubkQ-q3iJM

Kalenderen:
27/09-2018:
Kraft i Vest 2018 på Sandane

18/10-2018:
Norges Energidager i Oslo