logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Marknadskommentar veke 15

Sidan før påske har spotprisen gått jamt og trutt oppover, med unntak av enkelte dagar med korreksjonar nedover. Bakgrunnen er i korte trekk at vinteren dreg ut. Vi har i lenger tid hatt ver som er kaldare og tørrare enn normalt for årstida. Våren og snøsmeltinga let vente på seg. Hydrobalansen har stadig blitt dårlegare og er no på -20 TWh. Marknaden er for tida svært sensitiv for endringar i vervarsla, noko som har ført til store svingingar i prisane dei siste vekene.

Av Borgny Hatlestad Tveekrem, leder Handelsavdelingen i NEAS
Lagt ut 08/04-2013

Før helga starta Statnett vedlikehald på kabelforbindelsar mellom NO3 og Sverige. Dette har også pressa prisen opp, spesielt i NO3, noko som førde til at Statnett avslutta det planlagde arbeidet. Vidare skal det vere vedlikehald på kabel mellom Danmark og Tyskland dei neste vekene. Dette kan få innverknad på den nordiske prisen, den siste tida har prisane i Norden og Tyskland følgt kvarandre tett. Vi trur at svingingane i kraftprisane vil halde fram heilt til vi får stadfesta mildare ver og meir nedbør slik at vårsmeltinga kjem i gang. Når det skjer er det rom for prisnedgang. Systemprisen for veke 14 enda på 377,94 NOK/MWh. NO1 låg på 382,95 NOK/MWh, NO2 på 382,73 NOK/MWh, NO3 på 403,62, NO4 på 355,12 NOK/MWh og NO5 låg på 400,92 NOK/MWh. I elsertifikatmarknaden har det vore liten omsetnad den siste tida. Dette skuldast nok annulleringa av elsertifikat for 2012 som skjedde 1. april. Både tida før, og no etter annullering er prega av at både sals- og kjøpssida har vore avventande til eksakte volum for 2012. Annullert volum blei om lag som forventa. Til dømes hadde SKM estimert at behovet for elsertifikat skulle vere 19 TWh og det eksakte volumet blei 18,7 TWh. Prisane har gått ein del ned den siste tida og det er uvisst om den stigande trenden vi har hatt heilt sidan i fjor sommar kjem attende når handelen stig igjen, eller om prisane går vidare nedover. Førre veke vart spot omsett for om lag 203 NOK.

Kalenderen:
17/08-2018:
Fagseminar Brødrene Dahl Vasskraft

27/09-2018:
Kraft i Vest 2018

18/10-2018:
Norges Energidager