logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Miljø og landskap på 1-2-3



Den som får konsesjon til å bygge seg kraftverk må lage ein detaljert plan for korleis ein vil ivareta landskap og miljø. No kjem NVE med en rettleiar som steg for steg hjelper konsesjonæren til å oppfylle krava. Blant dei som gjer denne jobben er senioringeniør Ole Per Schei.

Lagt ut 14/06-2013

NVE si sakshandsaming omfattar prosessen frå konsesjonsbehandling til ferdig anlegg og erstattar byggesaksbehandling etter plan- og bygningslova. Konsesjonsvedtaket kan samanliknast med ei områderegulering og detaljplanvedtaket med ei detaljregulering og/eller byggesøknad.

- Dette forutset at ei rekkje forhold er avklara gjennom konsesjonsprosessen, mellom anna arealbruk, bruk av vassressursen og forholdet til grannelova om nabovarsling. Det er konsesjonæren som er ansvarlig for at slike forhold er ivaretatt, seier Ole Per Schei, senioringeniør i Tilsyn og beredskapsavdelinga i Norges vassdrags og Energidirektorat (NVE)

I konsesjonar gitt med heimel i vassdragslovgjevinga er det krav om at detaljplan for miljø og landskap skal godkjennast av NVE før byggestart. I desse dagar pågår det revisjon av rettleiar for detaljplan for miljø og landskap.

- Sjølv om dette er utarbeidd som ein rettleiar, skisserer den minimumskrav til planinnhald i ein detaljplan. Malen inneheld ein konkret disposisjon med rettleiing under kvart punkt og hovudføremålet er å presisere kva som er minimumskrava til innhald. På denne måten ynskje vi å minimere graden av misforståing, ulik oppfatning, og til sist unngå unødige rundar fram og attende mellom konsesjonær og NVE. Malen for detaljplan er revidert på bakgrunn av mellom anna endringane i konsesjonsdokumenta med tilhøyrande bakgrunnsnotat, og erfaringar vi har gjort med handsaming av detaljplanar og oppfølging av anlegga i bygge- og driftsfasen, sier han.

Råmene i ein konsesjon vert fastsett gjennom ein omfattande konsesjonsprosess med høyring til ei rekkje partar. Schei presiserar at det er i konsesjonsprosessen høyringa føregår og at detaljplane til vanleg ikkje vert sendt på høyring, med mindre det føreligg vesentlege endringar.

- Ei mindre endring i arealbruken i prosjektet kan utløyse ei forenkla høyring til kommunen for eksempel. Det er difor viktig for NVE som planmynde for anlegga, at det går tydeleg fram kva som skal etablerast, og å kunne sjå om dette er innan råma av konsesjonen. I nyare konsesjonssøknader er viktige grunnlagsdata sett opp i tabellarisk form. Dette er meint å synliggjøre råma i konsesjonen, og konkretisere kva det er gitt konsesjon, til på ein endå tydelegare måte enn tidlegare. I malen er det lagt inn ein tilsvarande tabell som i konsesjonsdokumenta slik at konsesjonæren fyller ut med data frå konsesjonsdokumentet. I tillegg er det lagt til en kolonne for eventuelle endringar som detaljplanlegginga eventuelt har ført med seg. Dette bidreg til å konkretisere konsesjonen slik at det er eintydig kva råmer som ligg til grunn i konsesjonen. Endringar som blir lagt frem i detaljplanen vil krevje avklaring i vedtaket om godkjenning, eventuelt gjennom en ny konsesjonsprosess, seier Schei.

Senioringeniøren peikar på at anlegg som ikkje er etablert i samsvar med konsesjon og/eller planer godkjent av NVE, inkludert mellom anna planlagt installert effekt, slukeevne og arealbruk, vil ikkje ha rett på elsertifikat.

- Endringar som ikkje er avklart med NVE kan være brot på konsesjon eller føresetnadane for konsesjon og vil kunne utløyse reaksjon og vidare oppfølging. Det er difor viktig at konsesjonæren har full kontroll på råmene i konsesjonen og overheld desse. I tilfelle konsesjonæren i tvil om råmene må ein syte for å få dette avklara. Vår erfaring er at dei prosjekta der det tidleg vert oppretta god og gjensidig dialog i alle ledd, òg mellom konsesjonær/konsulent og NVE, vert det best sluttresultat, sier han.

Målgruppa for rettleiaren er konsesjonærar med løyve etter vassdragslovgjevinga og eventuelle konsulentar som har oppdrag på vegne av desse. Den vil bli lagt ut på NVEs nettside.

- Vidare vil denne kunne bli oppdatert fortløpande slik at tips til betringar vert mottekne med takk, gjerne systematisert via Småkraftforeninga, sluttar Schei.

Dagleg leiar Knut Olav Tveit i Småkraftforeninga er godt nøgd med dette tiltaket frå NVE si side.

- Me sett pris på at NVE på denne måten legg seg i selen for at planfasen før ein startar bygging kan gå så smertefritt som mogleg. Det er et døme pågod forvaltningsskikk, sier han.



Kalenderen:
27/09-2018:
Kraft i Vest 2018 på Sandane

18/10-2018:
Norges Energidager i Oslo

18/10-2018:
Elsikkerheits- /FSE-kurs i Sogn og Fjordane

23/10-2018:
Elsikkerheits- /FSE-kurs i Ørsta/ Volda