logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Mildt, vått og billig



Når det er mildt og vått blir prisene deretter. Borgny Hatlestad Tveekreem hos NEAS har skrevet markedskommentaren for uke 32:

Lagt ut 07/08-2013

"Forrige veke og i starten på denne veka har kraftprisane gått ned som følgje av mildare og våtere vervarsel og dermed ei betring av hydrobalansen. Kolprisen har gått nedover i heile sommar, men vi ser no ein tendens til at den kanskje flatar ut. Når ein ser på oljeprisen over litt tid varierer den frå 105 til opp mot 110 $/fat. CO2 prisen har gått litt opp den siste tida. Aksjekursane går nedover og gjev sigal om mindre optimisme i verdsøkonomien. Totalt sett er signala er noko miksa og vi trur på ei sidevegs utvikling av prisane.




Systemprisen for veke 31 gjekk ned frå veka før og var 276,69 NOK/MWh. NO3 var høgast med 280,96 NOK/MWh medan NO5 var lågast med 267,04 NOK/MWh.




For første gong i historia klarde ikkje Nord Pool Spot å rekne ut systemprisen for




påfølgjande dag. Grunnen var tekniske problem og til slutt måtte ein ta i bruk nødprosedyra med å setje prisen for måndag 5. august lik forrige arbeidsdag som var fredag 2. august. Prisen har vorte utrekna som normalt for dagane etterpå. Både Nord Pool Spot og andre instansar er i ferd med å granske hendinga og konsekvensane dette har medført."



Kalenderen:
27/09-2018:
Kraft i Vest 2018 på Sandane

18/10-2018:
Norges Energidager i Oslo

18/10-2018:
Elsikkerheits- /FSE-kurs i Sogn og Fjordane

23/10-2018:
Elsikkerheits- /FSE-kurs i Ørsta/ Volda