logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

NO5 dobla produksjonen i veke 49


Prisområde NO5 er no utvida søraustover. Kart: Statnett
Den nye inndelinga av elspotområda bidrog til betydelege produksjonsendringar mellom elspotområda i veke 49. I NO5 blei produksjonen meir enn dobla, skriv NVE i sin siste kraftsituasjonsrapport.

Av Steinar Aasen
Lagt ut 12/12-2013

Den nye geografiske inndelinga trådde i kraft måndag 2. desember.

Grensa mellom NO5 og NO1 vart flytta søraustover, frå Hardangerfjorden og inn i Hallingdal. Mykje produksjonskapasitet vart overført til NO5. Denne endringa forklarar dei store produksjonsendringane som fann stad i førre veke.

Frå veke 48 til 49 auka den norske kraftproduksjonen med 119 GWh til 3195 GWh. Det var ein auke på 3,9 prosent.

I elspotområda gjekk det slik:
- NO5 auka produksjonen med 400 GWh til 770 GWh (+ 108,1 prosent)
- NO1 var det ein nedgang på 366 GWh til 328 GWh (-52,8 prosent)
- NO2 gjekk produksjonen ned med 3 GWh til 1112 GWh (-0,3 prosent)
- NO3 hadde ein produksjonsauke på 26 GWh til 366 GWh (+7,7 prosent)
- NO4 auka produksjonen med 62 GWh til 619 GWh (+11,1 prosent)









 


Kalenderen:
17/08-2018:
Fagseminar Brødrene Dahl Vasskraft

27/09-2018:
Kraft i Vest 2018

18/10-2018:
Norges Energidager