logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Dobling i norsk nettoeksport



Noreg hadde ein nettoeksport på kraft på 399 GWh i førre veke, dobbelt så mykje som veka før. Mildt vêr og lågare vindkraftproduksjon i Danmark og Sverige var hovudgrunnane til auken.

[LINK]

Lagt ut 18/12-2013

Nettoeksporten auka på alle linjene mot Sverige. Totalt var det ein nettoeksport på 329 GWh frå Noreg til Sverige, medan nettoeksporten til Danmark var på 72 GWh, skriv NVE i sin kraftsituasjonsrapport for veke 50.
Norned-kabelen er framleis nede etter uvêret i slutten av oktober, og er venta tilbake i drift den 20. desember.
Elsertifikatprisen steig med ei krone, frå 174 i NOK/MWh i veke 49 til 175 NOK/MWh i veke 50.

Høgare tilsig
Gjennom veka gjekk fyllingsgraden ned med 1,0 prosenteining mot 1,7 prosenteiningar veka før. Høgare tilsig er hovudårsaka til at nedgangen i magasinfyllinga vart mindre enn veka før. Mildvêret saman med mykje nedbør førte til eit tilsig på 2,4 TWh, eller 176 prosent av normalen i veke 50.
For inneverande veke ventast mest nedbør på Vestlandet med over 200 mm enkelte stader. Det ventast eit tilsig på 2,2 TWh eller 190 prosent av normalt.
Det norske kraftforbruket var på 2931 GWh i veke 50. Dette er ein nedgang på 63 GWh, eller 2,1 prosent, frå veka før.

Lågare elspot
I førre veke gjekk snittprisen ned i alle dei norske elspotområda med unntak av i Aust-Noreg, der prisen auka marginalt frå veka før til 29,59 øre/kWh. Vest-Noreg fekk den lågaste snittprisen på 28,94 øre/kWh. Snittprisen i Sørvest-Noreg var på 28,96 øre/kWh, medan dei to nordlegaste elspotområda fekk den høgaste snittprisen på 29,98 øre/kWh.


 



Kalenderen:
17/08-2018:
Fagseminar Brødrene Dahl Vasskraft

27/09-2018:
Kraft i Vest 2018

18/10-2018:
Norges Energidager