logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Statsråden varsla seks nye konsesjonar



Olje- og energiminister Tord Lien varsla at det blir gitt seks nye konsesjonar denne veka. -Dei seks konsesjonane utgjer produksjon på tilsaman 80 GWh, sa statsråden under opninga av Småkraftdagane 2014. Men han ville ikkje gje nye lovnader om å gje elsertifikat til dei som ikkje har fått det.

Av Mikkel Aanderaa
Lagt ut 19/03-2014

Statsråden har i tidlegare intervju sagt at han er for "mykje lys og mykje varme".
- Det må vere ei målsetting at Norge skal blie endå større på energiproduksjon. Det bidrar til verdiskaping og sysselsetting, sa Lien. Innan 2020 skal fornyandelen ligge på 67,5 % i Norge. Vi har verkemidlane og eg har god tru på at vi skal greie målet.

Under opninga sa styreleiar Trond Ryslett at stillinga i elsertifikatordninga kom til å bli 12-2 til Sverige i 2020. Statsråden var ikkje like pessimistisk.
-Elsertifikat er viktige for å auke andelen fornyar energi i Norge. Vi kom etter svenskane, men eg har tru på at vi skal ta dei igjen.

Kortare konsesjonskø
Olje- og energidepartementet har eit klart mål om raskare og meir effektiv konsesjonsbehandling.
-Køen hos NVE er lang, men eg lovar at Regjeringa og departementet skal halde trykket oppe, sa Lien
Målet er at alle søknader som kom inn i 2012 skal vere ferdige i 2017. Men da må dep ta unna alle klagesaker også.

Avslag kan vere positivt
Blant alle søknadene i konsesjonskøen er det også nokre som kjem til å få avslag.
-Avslag treng ikkje vere bare negativt. Omdømmet til næringa kan bli styrka av at det kjem nokre avslag. Då blir det ein god balanse mellom natur, forsyningssikkerhet, verneinteresser og utbyggingsinteresser.

Ingen lovnader
Frå salen var det store forventningar til at Frp-statsråden ville love at kraftverka som blei bygd for tidleg også skal få vere med i sertifikatordninga. Men det kunne ikkje statsråden love.
- Det er lova veldig mykje i denne saka før, det vil vere uklokt av meg å kome med nok ein lovnad, sa Tord Lien.





Kalenderen:
17/08-2018:
Fagseminar Brødrene Dahl Vasskraft

27/09-2018:
Kraft i Vest 2018

18/10-2018:
Norges Energidager