logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Småkraftprisen til Olav Skeie



Olav Skeie frå Bygland blei tildelt Småkraftprisen 2014 under festmiddagen på Småkraftdagane. Han har ivra for småkraftverk ei årrekke og var med på å starte foreninga.

Av Mikkel Aanderaa
Lagt ut 20/03-2014

Han kan det meste om småkraftverk og har ivra for å dele kunnskapen sin.
- Olav Skeie var den du tok kontakt med når det mangla kompetanse om private kraftverk, sa Trond Ryslett under utdelinga av prisen.

Olav var tidleg ute med informasjonsavis. Alt i oktober 1997 distribuerte han den fyrste utgåva av Småkraftnytt, produsert i Word og trykt opp med kopimaskin. Det var stor mangel på kompetanse og lite kunnskap.

Katalog
Olav Skeie starta med å gje ut "Småkraft-fakta" i 2002. Ein serie med innleiande kunnskap til nybyggarar. Han samla også alle utstyrsleverandørane i ein eigen katalog. Katalogen blei trykt opp i 2500 eksemplar.

Guru
- Han var den første guruen då dei små kraftverka fek sin renesanse midt på 90-talet. Levande interessert reiste han rundt i landet og heldt foredrag om utvikling og bygging av bekkekraftverk. Blant oppdragsgjevarane var kommunar, bankar og landbruksavdelinga hos fylkesmennene, seier Ryslett.

Olav Skeie var veldig glad og overraska over å få prisen.
- Slike prisar er det folk i 60-70-åra som får når dei går inn for landing. Eg syns eg er litt for ung.

Han var med å arrangere den fyrste småkraftmessa på Røros i 2002.
- Då var det 30-40 deltakarar og 3 leverandørar. Året etter i Førde kom det kanskje hundre. No er det nær 400 deltakarar og arrangementet har blitt ei gedigen mjøleku for foreninga, sa Olav Skeie.

Kalenderen:
17/08-2018:
Fagseminar Brødrene Dahl Vasskraft

27/09-2018:
Kraft i Vest 2018

18/10-2018:
Norges Energidager