logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

ICE satsar på kommunikasjon til småkraft



Ice.net har etter kvart fått ein del kundar med småkraftverk som treng kommunikasjon frå kraftstasjon eller damanlegg. Dei har gode tips om du ikkje har dekning akkurat ved inntaket.

Lagt ut 20/03-2014

Å bygge kommunikasjon fram til eit kraftanlegg kan ofte bli dyrt på grunn av store avstandar til infrastrukturen. Då kan mobil kommunikasjon som bl.a. Ice.net vere eit alternativ. Men nede i bekkedalar kan det vere veldig svake signal.

Ole-petter Røstad i ICE har gode tips.
- Prøv å finn eit punkt litt lenger opp i fjellsida som har dekning. Vi har bærbare modem med innebygd batteri som er fine å finne dekning med. Då kan du sette opp ein stolpe der med antenne på, forklarar Røstad.

Er det rundt 2-300 meter opp til punktet kan det gå med vanleg ethernetkabel som ikkje har så høg kostnad. Store lengder med antennekabel er ikkje så aktuelt sidan det blir stort tap av signal i kabelen.

Ved større avstandar kan det vere aktuelt å bruke eit radiohopp med ein radiosendar i kvar ende. Da kan det også vere aktuelt å forsyne linkstasjonen med eit solcellanlegg.

Kalenderen:
27/09-2018:
Kraft i Vest 2018 på Sandane

18/10-2018:
Norges Energidager i Oslo

18/10-2018:
Elsikkerheits- /FSE-kurs i Sogn og Fjordane

23/10-2018:
Elsikkerheits- /FSE-kurs i Ørsta/ Volda