logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Flaumsikring kan auke kraftproduksjonen


Rune Nydal meiner klimaendringane må takast på største alvor. Foto: Erik Nilsen, Fadum Tekniske
Om ikkje noko blir gjort, vil framtidige flaumar leggje store delar av Førde sentrum under vatn. – Løysinga vil vere å føre vatn frå Jølstravatnet i tunnel til Førdefjorden.

Lagt ut 06/11-2014

Det seier Rune Nydal, fylkesleiar i Småkraftforeininga i Sogn og Fjordane, til Firda. Han oppfordrar om at klimaendringane blir tekne på største alvor både i Førde og andre flaumutsette bygdelag på Vestlandet.
– Ein tunnel vil vere eit kinderegg i Førde. Det vil førebyggje flaum, auke produksjonen av fornybar energi og ta ned flaumrisikoen både i Jølstravatnet og langs heile elva, seier Nydal til avisa.
 
Betre flaumdemping, meir kraft
Han peikar på at den planlagde utbygginga av Jølstra frå Tongahølen til Mo ikkje vil gje noko flaumdemping i sentrum. Sunnfjord Energi vil hente ut 209 GWh, i tillegg til produksjonen på 54 GWh i Brulandsfossen. Ved å nytte heile fallhøgda frå Vassenden til Førdefjorden meiner Nydal det kan produserast 320 GWh. Samtidig kan Stakaldefossen og Brulandsfossen kan halde fram å produsere, om enn i mindre skala enn før.
Nydal meiner det er uproblematisk teknisk sett å byggje tunnel frå Jølstravatnet til Førdefjorden og viser til ein mykje lenger tunnel som har sikra flaumutsette Jostedalen.
 
Sikring i verna vassdrag
Rune Nydal meiner kravet til flaumsikring må gjelde alle vassdrag, også dei verna.
– Flåmselva er eit verna vassdrag, og for fire år sidan sa Stortinget nei til å overføre vatn til eit anna vasskraftprosjekt og sikre elva. Etter dagens verneforskrifter er det ikkje lov til å gjere inngrep i eit verna vassdrag. Men ingen med vitet i behald vil seie at ein ikkje skal ordne opp etter skadane som no kom i Flåmselva, seier Nydal til avisa Firda.
 


Kalenderen:
17/08-2018:
Fagseminar Brødrene Dahl Vasskraft

27/09-2018:
Kraft i Vest 2018

18/10-2018:
Norges Energidager