logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Fullt hus på småkraftseminar


Leiaren av småkraftseksjonen i NVE, Øystein Grundt (t.v.) og adm. direktør Rein Husebø i Småkraft AS tok plass på fyrste rad under Brødrene Dahl-seminaret. Foto: Terje Engvik
Tida for dei store småkraftseminara er likevel ikkje forbi. Brødrene Dahl sitt småkraftseminar på Skei i Jølster 3. februar samla over 130 deltakarar.

Av Terje Engvik
Lagt ut 04/02-2015

Suksessen har nok samanheng med eit topp aktuelt fagprogram midt i eit område der småkraftressursane og kraftverkstettleiken er som høgast.
I tillegg er det svært mange i Sogn og Fjordane som ventar på nettilkopling når den nye 420 KV linja gjennom fylket vert opna.
 
Mange ventar på nett
Kristen Skrivarvik frå Sogn og Fjordane Energi tok føre seg aktuell nettutbygging i fylket på alle spenningsnivå og fokuserte på trongen for ny fordeling av kostnadene for dei store nettinvesteringane som må til for å få gjennomført fornybarsatsinga.
Med sjukeforfall frå Statnett tok Skrivarvik også føre seg status for bygginga av sentralnettslinja. Arbeidet er no teke opp att i Bremanger. Men rettsprosessane knytte til linja gjer framdrifta noko uviss, sjølv om mange reknar med ferdigstilling nordover i løpet av eit års tid. 
 
Kraftprisutsikter
Fleire av foredragshaldarane var innom prisprognosane. Ingen hadde veldig gode nyhende for dei aller fyrste åra. Men leiaren i Småkraftforeninga i Sogn og Fjordane, Rune Nydal, hadde nokre interessante innspel.
Det fyrste gjekk på kommande prisområdeendringar som var varsla i samband med bygginga av den nye sentralnettslinja. Delar av Nordfjord, Sunnfjord og ytre Sogn ville då bli flytt frå prisområde 5 til prisområde 3. Prisområde 3 har hatt markert høgare snittprisar enn område 5 dei siste åra. Med ny linje er prisskilnadene vente å minke. Men Rune Nydal rekna likevel med at det ville vere noko å vinne for småkraftverka som får nytt prisområde.
Neste innspel gjekk på mulegheiter for ein ny kabel til England som kunne løyse ut monaleg meirpris på krafta ved utnytting av stimuleringsordningane for fornybar energi i England. Men det ville nok vere ein lang veg fram mot eit slikt mogleg prosjekt.
Så runda Nydal av med info om rekordhøge snømengder i fjellet – og utsikter til låg vår- og sommarspotpris i område 5.


Kalenderen:
17/08-2018:
Fagseminar Brødrene Dahl Vasskraft

27/09-2018:
Kraft i Vest 2018

18/10-2018:
Norges Energidager