logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Mykje vindkraft senka kraftprisane


Danmark og Sverige hadde høg vindkraftproduksjon i førre veke. Bildet er frå vindmølleparken Horns Rev 2. Foto: DONG Energy A/S
Høg vindkraftproduksjon i Danmark og Sverige bidrog til eit fall i kraftprisane med om lag eit øre i veke 9, ifølge den siste kraftsituasjonsrapporten frå NVE.

Lagt ut 04/03-2015

Auka svensk kjernekraftproduksjon og lågare forbruk i Sverige og Finland samanlikna med veka før medverka óg til nedgang i dei nordiske kraftprisane.

Auka import til NO3 og NO4
Dei svenske kraftprisane (med unntak av SE4) og prisen på Jylland vart lågare enn dei norske, noko som førte til nedgang i norsk nettoeksport til SE3 og Jylland, medan importen til NO3 og NO4 auka.
I sum gjorde det at Noreg fekk ein nettoimport på 8 GWh i veke 9.

Negative straumprisar i Danmark
Trass i at samla vindkraftproduksjon var høgare i uke 8, blåste vinden slik at produksjonen kom på natta og i helgen i veke 9. Difor vart priseffekten av vindproduksjonen høgare i uke 9.
På søndag var det høgare vindkraftproduksjon enn forbruk i Danmark, noko som førte til negative straumprisar i seks timar.
 
 
 


Kalenderen:
17/08-2018:
Fagseminar Brødrene Dahl Vasskraft

27/09-2018:
Kraft i Vest 2018

18/10-2018:
Norges Energidager