logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Småkraft blir bare viktigare framover



Vassdrags- og energidirektør Per Sanderud seier at småkraft utgjer ein viktig og stor andel av ny fornybar energi i Norge. Klimaendringar gjer at det blir meir tilsig om vinteren når prisane er høgare og etterspørselen størst.

Lagt ut 18/03-2015

Onder opninga av Småkraftdagane 2015 var NVE-direktør Per Sanderud invitert til å informere om den nye kvardagen for energibransjen. Ein trend er stor produksjon av solkraft i utlandet. Solkraft kostar no bare 1 prosent å produsere av det det gjorde for 30 år sidan.
 
- Energiforbruket aukar ikkje i Europa, men effektbehovet aukar. Det norske straumnettet må tilpassast desse forbrukstoppane. Det blir store investeringar som også vil kome småkraftprodusentar til gode. Vi har konsesjonsbehandla mange hundre kilometer med nye liner, sa Sanderud.

Ustabil produksjon
Utfordringar er tida framover er at det er ustabil prodkusjon med mindre regulert kraft i marknaden, nettkø og marknadssvingningar.
- Løysinga er å lage smartare nett som taklar frekvensendringar, seier NVE-direktøren.
 
- Straum blir meir og meir lik ein annan vare. Vi skal lage mest mogleg like rammevilkår. Marknadsrisikoen må de som produserer straumen ta.
 
Klimaendringar 
Det er ein klar trend på at det blir meir innrenning i magasina om vinteren. Klimaendringar gjer at vi får meir vannkraft når vi treng den som mest, altså om vinteren. No er det billigare å bygge ut ny norsk vasskraft enn å bygge ut kolkraft i Tyskland.
 
NVE-direktøren fortel at konsesjonarbehandinga er i rute fram mot 2020. Løyvene aukar og køen minkar. NVE har behandla 40 søknader hittil i år, og tet er no under 500 i køen. Men statistikken viser at det er ein aukande andel avslag på konsesjonssøknadene.
 
- Har vi blitt strengare? Det er i alle fall ikkje vår hensikten, vi held oss til vilkåra frå OED. Vi prøvar å følge retningslinene så godt vi kan og gjer mykje kvalitetssikring for å få det til. Dei beste prosjekta er tatt først, derfor er det naturleg at det blir fleire avslag nå, seier Sanderud

Tettare mot utlandet
Nye kablar til utlandet vil føre til auka prisar i den norske marknaden, spår direktøren. Nye kvotesystem i Europa vil også gjere kolkraft mindre lønsam, dermed får vi meir for norsk vasskraft. Sol- og vindforholda på kontinentet vil påverke dei norske prisane gjennom døgnet meir enn dei har gjort før.
 
- Framtida er elektrisk og den er fornybar, sa energidirektøren.


Kalenderen:
27/09-2018:
Kraft i Vest 2018 på Sandane

18/10-2018:
Norges Energidager i Oslo

18/10-2018:
Elsikkerheits- /FSE-kurs i Sogn og Fjordane

23/10-2018:
Elsikkerheits- /FSE-kurs i Ørsta/ Volda