logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

– Rekordlågt prisnivå


– Juli månad gjekk til levering på lågaste pris på 15 år, fortel Borgny Tveekrem som leier handelsavdelinga hos NEAS. Foto Heine Schjølberg
– Vi er inne i den store feriemånaden juli og marknaden er prega av liten aktivitet og låge prisar, seier leiar av handelsavdelinga hos NEAS, Borgny Tveekrem.

Lagt ut 13/07-2015

Etter ein spesiell vår utan snøsmelting har det no blitt fart på produksjonen som følgje av varmare ver og ein del nedbør den siste tida. Kombinert med lågt forbruk på grunn av ferie har dette pressa prisane nedover.
Generelt er prisnivået rekordlågt og juli månad gjekk til levering på lågaste pris på 15 år. Høgaste døgnpris dei siste vekene var 15,16 øre/kWh den 30. juni.
– Dei siste dagane har vi hatt svært låge spotprisar. Onsdag 8. juli hadde vi lågaste døgnpris sidan 2000, då var prisen 7,94 øre/kWh, seier Tveekrem. 
Veke 29 vil truleg prisane komme over 10 øre/kWh igjen som følgje av mindre nedbør og lågare temperaturar, noko som gjev mindre snøsmelting og høgare forbruk.

Nærmar seg marginalkost for vannkraft
Rekordlåge spotprisar verkar inn på det generelle prisnivået. Augustkontrakta er i skrivande stund omsett for 14,49 øre/kWh og siste kvartal i 2015 for 22,97 øre/kWh.
– Prisnivået er også prega av nedgang i aksjemarknaden, både uroa i Hellas og spekulasjonsboble i Kina har gjort at børsindeksane har stupt denne veka. Det ser ut som om dette kan ha stabilisert seg no, men det har utan tvil verka inn på oljeprisen som også har hatt ein nedtur og kom igjen under 60 dollar pr fat denne veka, påpeikar ho.
Det låge prisnivået har gjort at Vattenfall har vedteke å redusere kjernekraftproduksjonen.
– Det løner seg ikkje å produsere til så låge prisar. I enkelte timar nærmar ein seg også marginalkostnaden for vannkraftproduksjon. Tørrare og kaldare vermeldingar og ein forventa oppgang i spotprisen vil truleg heve prisane litt frå dei siste dagane sitt botnnivå, men vi må nok leve med eit relativt låg pris også dei kommande vekene, seier Tveekrem.
 
Sommarpris for elsertifikat
Elsertifikatmarknaden har liten omsetnad og relativt låge prisar. Sannsynlegvis har ein funne «sommarnivået» for prisen som no blir omsett til 140 SEK per sertifikat.
Ein forventbar at dette nivået vil hilde seg nokker veker fram i tid som følgje av ferien.
 


Kalenderen:
17/08-2018:
Fagseminar Brødrene Dahl Vasskraft

27/09-2018:
Kraft i Vest 2018

18/10-2018:
Norges Energidager