logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Lav erstatning for fallrettar


For å få erstatning etter marknadspris må eigarane av fallrettar bevise at dei kunne ha bygd kraftverk sjølv.
Når eit kraftselskap er interessert i å bygge eller utvide eksisterande kraftverk, kjem bønder og bygdefolk dårleg ut.

[LINK]

Lagt ut 07/09-2015

Noreg har tradisjon for å akseptere lav erstatning ved tvangsovertaking av fallrettar. Gevinstdeling er ein trend i internasjonal ekspropriasjonsrett, men dette er lite akseptert i norsk rett, ifølgje Katrine Broch Hauge, som nyleg forsvarte doktorgraden ved Det Juridiske fakultet ved Universitetet i Oslo.
 
Tradisjonen er at Høgsterett aksepterer låge erstatningar til grunneigarane i desse sakene. I tillegg har Stortinget endra jordskiftelova slik at ho gir dårlegare eigedomsvern, ifølgje Katrine Broch Hauge, som nyleg forsvarte doktorgraden ved Det Juridiske fakultet ved Universitetet i Oslo.
Dette er i strid med Den europeiske menneskerettsdomstolen, meiner Hauge. Forskaren peikar på at menneskerettsdomstolen vil truleg vurdere høgare erstatning enn Høgsterett. Resultatet kan bli at grunneigarane, som ofte er bønder og bygdefolk, kjem betre ut i høve til kraftselskapa enn dei gjer i dag, skriv forskning.no.
Domstolen set som eit utgangspunkt krav om ein kompensasjon som kan omtalast som full marknadsverdi for eigedomsinngrep som svarar til tradisjonell ekspropriasjon. Skal ein forlate dette utgangspunktet må den aktuelle staten forklare kvifor det er rimeleg.
 
Naturhestekraftmetoden = låg pris
Når eit kraftselskap er interessert i å bygge eller utvide, tilbyr dei grunneigaren ein sum i leige for dei såkalla fallrettane, det vil seie retten til å bygge kraftverk. Viss dei ikkje vert einige om ein frivillig avtale, søker selskapet staten om ekspropriasjon, noko som inneber at staten tvinger grunneigarar til å gi frå seg fallrettar.
Kan fosseeigaren ikkje bevise at han sjølv ville bygd eit kraftverk, åleine eller saman med andre, kjem «naturhestekraftmetoden» i bruk. Måten erstatninga blir utmålt på er ikkje gunstig for grunneigarane, ifølgje Hauge. 
– Med naturhestekraftmetoden er det større sjanse for at ein stor utbygger får låg pris, seier Hauge til forskning.no
 
Småkraftmetoden = betre pris
Når det no løner seg å byggje småkraftverk, og grunneigarar i tillegg kan gjere det sjølv, har spørsmålet om rettferdig erstatning blitt meir aktuelt.
Hauge seier det er ei positiv utvikling at Høgsterett har flikka på metoden. Viss fallrettane vert vurderte slik at dei kunne blitt nytta til å byggje småkraftverk, vert erstatninga utmålt etter den såkalla «småkraftmetoden». Han går i hovudsak ut på å undersøkje kva marknaden betaler for tilsvarande fallrettar.
Men grunnlaget for erstatning etter marknadspris er i dag at eigarane av fallrettar må bevise at dei kunne ha bygd kraftverk sjølv.  
 
Les meir om Katrine Broch Hauge sin disputas om fallerstatningar
 
 


Kalenderen:
17/08-2018:
Fagseminar Brødrene Dahl Vasskraft

27/09-2018:
Kraft i Vest 2018

18/10-2018:
Norges Energidager