logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Ekstremvêret Synne gav låg kraftpris


Vatn frå ekstremvêret Synne fossa forbi og øydela brufundamenta til Launes bru i Egersund. Foto: Per Østebø, Jernbaneverket
Ekstremvêret Synne gav store utslag på kraftmarknaden i førre veke. Etter rekordmykje nedbør ligg fyllingsgraden no over historisk maksimum i Sørvest-Noreg.

[LINK]

Lagt ut 09/12-2015

All nedbøren saman med høge temperaturar for årstida bidrog til at fyllingsgraden i dei norske vassmagasina gjekk opp, syner NVE sin siste kraftsituasjonsrapport.

Ikkje berre regna det mykje under ekstremvêret, det var òg mye vind. Det ga rekord i vindkraftproduksjonen i Sverige, aldri har det blitt produsert så mykje elektrisitet frå vindkraft i løpet ein time eller eit døgn, som førre helg.
Samstundes var Sveriges største kjernekraftreaktor, Oskarshamn 3, tilbake i drift etter feil. Til saman gav ekstremvêr og meir tilgjengeleg produksjon låge kraftprisar.
Natt til søndag var kraftprisen i Sør-Noreg 3-4 øre/kWh.

 


Kalenderen:
27/09-2018:
Kraft i Vest 2018 på Sandane

18/10-2018:
Norges Energidager i Oslo

18/10-2018:
Elsikkerheits- /FSE-kurs i Sogn og Fjordane

23/10-2018:
Elsikkerheits- /FSE-kurs i Ørsta/ Volda