logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Smakebitar av programmet for 2016



Bergen blir nok ei gong vertskap for heile småkraftbransjen, når grunneigarar, kraftverkseigarar, utbyggarar og leverandørar samlast på «Småkraftdagane». Vi reknar med godt oppmøte, fordi vestlandet sin hovudstad har mange reisealternativ, anten ein vil fare med tog, fly, buss, bil eller båt.

Lagt ut 10/12-2015

Bransjen har det siste tiåret vore dominert av prosjektutvikling og konsesjonssøknadar. Tida fremover vil ha fokus på prosjektering, bygging og drift  –  i den grad rammevilkåra og kraftmarknaden gjev vilkår for dette.
På småkraftmessa møtest alle aktørane, frå leverandørar og byggherrar til konsulentar, forvaltning og finansliv. Messeutstillarane vil denne gonga få tidenes beste utstillingsareal på eitt plan, så det er berre å glede seg.

NVE-dagen 1 . mars
Arrangementet skal gje fagleg påfyll av tidsaktuelle tema, og legge grunnlag for nettverksbygging i bransjen, og hovudtrekka i programmet er alt klart.
Tradisjonen tru vil Noregs vassdrags- og energidirektorat stå for innhaldet under den fyrste fagdagen. Her vil også DSB delta, slik at det blir påfylla av tema innan for «el-sikkerhet» .
NVE har komponert ein interessant og variert meny, med programpostar som tar for seg NVE si handtering av avvik, status for konsesjonsbehandling, magasin for småkraftverk, erfaringar med coandainntak, forebygging av røyrbrot, nettilknytting og elsertifikat.
I løpet av Småkraftdagane vil det også bli arrangert to FSE-kurs for driftspersonell i kraftverket.
Tirsdag kveld blir det bedriftsbesøk til «7 Fjell Bryggeri», som gjev innføring i prosessen fra korn til øl. Det blir kulturelt påfyll med smaksprøver både for «sjelen og ganen».

Hydrogen på dagsorden
Onsdag kjem NEL Hydrogen frå Notodden for å orientere om leverandørindustrien sitt syn på framtidsmoglegheitene for hydrogen. Institutt for Energiteknikk på Kjeller vil orientere om investeringsbehov og framgangsmåte for produksjon av hydrogen i småskala kraftverk.
Sparebanken Vest, som er hovudsamarbeidspartnar for fagdagane, vil fortelje om dei økonomiske framtidsutsiktene. Vidare vil også bli servert alle siste nytt om kraftmarknaden.
Professor dr.ing. Leif Lia frå Vassdragslaboratoriet på NTNU vil fortelje om 3 vegar til lågare byggekostnadar. Ernst & Young i Sogn & Fjordane vil ta for seg alvorlege konsekvensar av dårlege avtalar ved generasjonsskifte.
Dagen blir avrunda med årsmøte i Småkraftforeninga, og bankettmiddag med kulturelt påfyll og utdeling av «Småkraftprisen 2016».

Mykje smått og godt
Under hovudsesjonen torsdag vil truleg Småkraftforeninga presentere sin nye kraftomsetningsavtale – og ein ny samarbeidspartnar.
Det vil også bli ein gjennomgang av «KraftLosen», eit internkontroll- og kvalitetssystem for små kraftverk. På torsdag formiddag går også FSE-kurs for driftspersonell av stabelen.
Kanskje blir det smakebitar av den nye jordskiftelova (som gjeld frå 01.01.16), samt praktiske erfaringar/råd om undersøkelsesplikta  for automatisk freda kulturminner. Tema om nettilknytting og anleggsbidrag er også tidsaktuelt stoff.
«Dag 3» vil elles vere dominert av små «Work-Shops», for 10-20 personar. Noko av formålet med gtruppesamlingane er å gjere det lettare å få ein god dialog med foredragshaldaren – og derved større personleg utbytte !
Torsdag blir det også tilbod om ein heildags kraftsafari rundt i Fusa kommune, med besøk hos dei tre kraftverka Bratthus, Eitro og Tveitaskaret, samt bedriftsbesøk hos Hordaland Rørteknikk og H3 Vannkraft. Kortreist mat til lunch blir laga og servert hos Tønnegarden.
Rydd plass i kalenderen for dei 3 fyrste dagane i mars – dette blir nyttig & kjekt!

Kalenderen:
17/08-2018:
Fagseminar Brødrene Dahl Vasskraft

27/09-2018:
Kraft i Vest 2018

18/10-2018:
Norges Energidager