logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Viste fram spennande hydrogenbil



Deltakarane på småkraftmessa fekk endeleg sjå kva bil som var plassert i salen. Produktansvarleg Rune Brath frå Toyota Norge kunne avduke den heilt nye hydrogenbilen Toyota Mirai. Bilen hare eit innebygd kraftverk. - Den største tekniske nyheten i bilbransjen nokon gong, hevdar Toyota

Lagt ut 02/03-2016

Toyota Mirai er ein limousintype bil som er 12 cm len lenger Avensis. Men det spesielle er at den har eit heil kraftverk innebygd i bilen. 

Tore Brath forklarar:
- Det er ein Hydrogenelektrisk bil med store luftinntak i fronten.  Det er ikkje ein forbrenningsmotor, men kjemisk produsjon av straum der utsleppet er reint vatn.
 
For å sleppe å få vatn inn i garasjen kan du trykke på H20-knappen. Da startar ei pumpe som bles ut vatn. Det er reinare enn i springen fordi det er kjemisk produsert vatn.
 
Bilen har hydrogentanker som lagrar hydrogen i gassform. Dei er svært sikre fordi dei er laga av vevd karbonfiber som skal tåle 150 tonn på ei lita flate. I kollisjonstestar med påkjørsel bakfrå flytter tanken seg framover i bilen.

Mirai inneheld ei brenselscelle som fungerer som eit batteri. Oksygen og hydrogen passerer på kvar side av ein membran. Da blir det produsert elektrisitet. Det er hundrevis av slike membraner som lever kraft nok til å drive bilen. Framdrifta skjer med ein elektromotor på 140 HK.

Prisen på bilen er sett til rundt 600.000 kroner, men prisen kan gå kraftig ned. Frå 2020 kjem 2. generasjon, då kjem kostnaden ned på nivå som hybridbilar.
- Vi kan kan lage billegare bilar når volumet går opp. Men fyllestasjonane må på plass, seier Brath.
 
Ein bil treng 150 kg hydrogen per år. Ved ein pris på 90 kr/kg er det 14000 kroner årleg.
 
- Hydrogen er fantastisk måte å lagre energi og transportere på. I framtida kan hydrogen fungere med logistikken slik olje fungerer i dag, sRune Brath.
 
 
 
 
 
 


Kalenderen:
27/09-2018:
Kraft i Vest 2018 på Sandane

18/10-2018:
Norges Energidager i Oslo

18/10-2018:
Elsikkerheits- /FSE-kurs i Sogn og Fjordane

23/10-2018:
Elsikkerheits- /FSE-kurs i Ørsta/ Volda