logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Korleis prisar vi krafta i overmorgon?


Lars Petter Øye er styremedlem i Småkraftforeninga.
Kraftprognosane er framleis låge. Saman med auka fornybar energiproduksjon og utvikling av lagrinsteknologi gjer dette det relevant å diskutere korleis elenergien eigentleg vil bli prisa i framtida. Les kommentaren frå styremedlem Lars Petter Øye i Småkraftforeninga her.

Av Lars Petter Øye
Lagt ut 29/08-2016

Energiprisar, nisjeproduksjon og lagring

Med prognosert låge kraftprisar framover på kort og mellomlang sikt og utvikling av solproduksjon og teknologiar er det ein diskusjon i diverse media om korleis elenergi blir prisa i framtida. Aukande etablering av vind og solkraft, utvikling av lagringsteknologi, at hushaldningar og andre bygg i perioder blir energileverandører, smarte nett, mm, så vil det truleg i perioder i sommarhalvåret vere rikeleg med energi og ofte med låge energiprisar.
Men samtidig vil vi få fleire elbilar som skal laddast. Det kjem landstrømsanlegg i hamner rundt om,
elektrifisering på sokkelen, meir elbruk i industrien, veg- og sjøtransporten skal også gå over til 0-utslepp med batteri, hydrogen, e.a. som vil auke energibruken og auke behovet for effekt.
 
I bladet Energi 04/2016 vurderer Thema Consulting om solkraft vil ta knekken på kWh som handelsvare og anslår at ein revolusjon i småskala produksjon og lagring vil kunne forsterke den eksisterande sesongprofilen i marknaden i Norge. Om sommaren får vi oftare «nullprisar» som følge av overskot av energi som blir lagra på natta og i overskytande perioder. Vinterprisane blir derimot ikkje serleg påverka av solproduksjonen eller den ekstra korttids lagringskapasiteten.
 
NVE er opne for vassmagasin for småkraftverk, men nødvendige  vurderingar og søknadar må på plass. For småkraftverka gir magasin muligheit til  å kunne styre produksjonen til yrkedagsprisar som i dag vanligvis gir ei meirinntekt. Men det gir ikkje veldig store meirintekter så risiko for framtidig endringar i prisvariasjonar må vere med i kalkylane. F.eks. risiko på sikt med meir solkraft og f.eks. batteri- eller anna lagring over natt/helg, smartnett, mm som kanskje vil utjamne vekevariasjonane. Magasin for å kunne flytte vesentleg produksjon frå sommar/haust til vinter er det ideelle, men det blir då andre dimensjonar, andre miljøaspekt og kostnadar.
 
Hydrogenproduksjon ved elektrolyse kan bli ei nisje for småkraftverk i tider med låge prisar. Det er dels på gang og dels på beddingen fleire prøveprosjekt. Produksjon på kraftverket med kostnadseffektivt småskalautstyr bør gi meirinntekter om nokre år.

Med bedra virkningsgrad/tap på både elektrolyse for hydrogenproduksjon, brenselceller og lagring så bør det kanskje også kunne gi lagring av elenergi via hydrogen frå sommar til  vinter på sikt?
Det har skjedd mykje siste åra og vil heilt sikkert skje det også vidare, så lagringsmuligheiter og nisjeproduksjon bør ein absolutt tenkje over. Så får vi også håpe at IEA si analyse om høgre strømprisar på lengre sikt slår til.

Lars Petter Øye

Kommentaren har tidlegare stått på trykk i Småkraftnytt.
 


Kalenderen:
27/09-2018:
Kraft i Vest 2018 på Sandane

18/10-2018:
Norges Energidager i Oslo

18/10-2018:
Elsikkerheits- /FSE-kurs i Sogn og Fjordane

23/10-2018:
Elsikkerheits- /FSE-kurs i Ørsta/ Volda