logo
Fornybar verdiskaping





Søk blant 200 leverandørar i

Bransjekatalogen


Finn f.eks:



Småkraftforeninga
Nedre Vollgate 9
0158 OSLO
e-post:
post@smakraftforeninga.no
Telefon 99 08 08 78


Følg oss på

Gjestane får lokal straum med heim


Gjester på ridetur på Nordre Mangen Gård.
Utanom skogsdrift har Bjørn Toverud to hovudgeskjeftar. Han sel opplevingar til villmarksturistar, og han produserer lokal fornybar energi. No vil han kombinere desse to.

Lagt ut 20/09-2016

På idylliske Nordre Mangen Gård i Aurskog-Høland er det ikkje lenger skogen som er den viktigaste inntektskjelda. I nokre tiår no har eigar Bjørn Toverud supplert skogbruket med villmarksturisme. Han kan tilby rideturar i skogsterreng, kanopadling, aktivitetsløyper og jakt. Gjerne i kombinasjon med møteverksemd eller lagbygging for bedrifter. I tillegg produserer han straum i eige småkraftverk.
 
Kraftverket er ikkje det største. Med berre tre meter fall, 140kW installert effekt og ein årsproduksjon på rundt 0,4 GWh er ikkje produksjonen så stor i høve til investeringa, men med elsertifikat går det rundt. Og dammen låg der frå før. Ved demninga i Viksjøen var det tidlegare skogdrift, og eit kraftverk som produserte straum fram til 1965.
 
Toverud er van med at opplevingskundane hans viser interesse for kraftverket og stiller spørsmål. I samarbeid med opphavsgarantiforhandlaren ECOHZ vil han no sjå om det er mogleg å hente ut litt ekstra verdi frå kraftverket ved å tilby eit unikt kraftprodukt til sine kundar. Også Småkraftforeninga er med i dette nybrottsarbeidet. 
 
Opplevinga gjev meirverdi

- Eg lever av å selje naturkvalitetar, i form av vakker natur, villmark og opplevingar. Rein, fornybar energi er også ein naturkvalitet, og eg trur det kan vere interesse for å betale litt for det, meiner Toverud.
 
Ideen er enkel. Når Toverud har kundar på vitjing kan han selje opphavsgarantiar for straumen han sjølv produserer. I utgangspunktet er dette ikkje mykje til forretning. Opphavsgarantiane er verdt meir nokre få øre kilowattimen og for ein liten produsent som Toverud vert det berre snakk om små summar i årleg. Men meirverdien blir til når kunden kan late seg fotografere framfor kraftverket saman med eigaren og få trykt opp eit personleg diplom med dette biletet som kan hengast på kontorveggen eller på kjøleskapdøra heime.
 
Økonomiansvarleg Kjetil Røneid i ECOHZ samanliknar det med å betale for eit automatisk bilete av deg sjølv når ein tek berg-og-dalbane. 
- Du tek med deg heile familien til Tusenfryd på ein fin sommardag, du et sukkerspinn og is, og du deler suget i magen i tømmerrenna. Så får du tilbodet om å kjøpe eit bilete som er teke av deg og familien saman. Då er betalingsviljen stor, fordi det du kjøper ikkje berre er eit bilete, men ein del av sjølve opplevinga.
 
På same måte vil ein opplevingskunde kunne ta med seg opplevinga frå vakre Nordre Mangen Gård heim i form av både ein opphavsgaranti og som eit fysisk dokument som kan visast fram og vere ein del av ei historie kunden kan fortelje. Då kan verdien for ein MWh stige frå nokre få kroner til hundrelappar. Men akkurat kor stor betalingsviljen er veit han ikkje før han har testa det ut.
 
- Dette er noko heilt nytt, så eg har ikkje hatt høve til å lufte dette for kundane mine endå. Men eg trur interessa er der, seier han, og viser til at dei fleste av kundane hans er bedrifter som kjem i små grupper. Då er moglegheita der for å selje både til bedrifta, og til kvar einskild kunde.
 
Stort potensial for bransjen

Om dette prosjektet lukkast så ser Kjetil Røneid stort potensial for alle i bransjen som delar pågangsmotet til Toverud. Dersom ein klarar å finne kundar som knyter noko personleg til kraftverket eller til området der det ligg, så kan ein kanskje skape eit produkt som er mykje meir verd enn straumen i seg sjølv.
 
- Ein kan sjå for seg at ein kvar stad der cruiseskip legg til kan det vere mogleg å skape noko. Ein kan tilby cruiseturistane omvising på lokale småkraftverk og selje gardsprodusert straum saman med dei gardsproduserte pølsene, avsluttar Røneid.


Kalenderen:
17/08-2018:
Fagseminar Brødrene Dahl Vasskraft

27/09-2018:
Kraft i Vest 2018

18/10-2018:
Norges Energidager